onsdag 18. januar 2023
tirsdag 17. januar 2023
Vinterleg igjen
mandag 16. januar 2023
søndag 15. januar 2023
På vedaskogen
| Heile folket i arbeid i Gjerdedalen i dag |
torsdag 12. januar 2023
Liv i bakkane
| Utegangarane på Stavenesodden - toppen på Høgeheia oppe i bildet |
| Litt rotete sjø vest ved Smelvær |
| Holevika i dag |
mandag 9. januar 2023
Lysare tider
| Jula er over - også på Høgeheia... |
Jula er definitivt over. Også på Høgeheia. Så i dag traff eg på Dag Tore og Anita godt i gong med å plukke ned julekuler og lys på treet dei hadde pynta før jul. Ja, det er ei tid for alt. Også for jula. Det er koseleg med jul og julestemning. Men synest sjølv det alltid er kjekkast når jula er over, og det går mot lysare tider...
Elles var det usedvanleg mildt i dag. Faktisk over 8 grader på morgonen. Litt regn ut på dagen. På ruta til Høgeheia er det no heilt snøfritt. All is er også vekke. Like greitt egentleg.... 😊
Bergens-tur
| Marie og Olaug ved Svartediket Kjekk tur til Bergen i helga der vi besøkte familien til Olaug. Det vart og tid til ein våt tur ved Svartediket. Ein plass eg ikkje har vore før. Marie fekk fortalt om Isdalskvinnen som dei fann i nærleiken. Det var interessant. |
mandag 2. januar 2023
To fine nyttårsturar
torsdag 29. desember 2022
Godt nytt år
| Holmedal tidleg i januar |
Med januar i bilder ynskjer eg alle eit retteleg Godt Nytt År.
🎇
Her er linkar av nokre minnerike blogginnlegg i året som har gått. Eg håpar å halde fram med nye innlegg i året som kjem. Men eg har kutta ut å blogge nokre av dei vanlegaste "retur"- toppane. Her blir det fort drøvtygging...
16/2 Ei vandring i gamalt kulturlandskap
7/6 Med Nordre Askvoll helselag på tur
19/10 Soloppgang over Holmedal
4/10 Fjelltrim 2021/2022 klipp
2/12 Nydeleg adventstur i Holmedal
tirsdag 27. desember 2022
Lyset 2
Skiftande skydekke, nordakuling og snødryss i lufta på Høgeheia i dag. Friskt! Litt isete parti i stien, men greitt å trakke utom utan broddar.