Eg nemnde parkeringsplassen i Rivedal som utgangspunkt for flotte turar i eit blogginnlegg på mandag. Så i dag køyrde eg til Rivedal igjen. Med Heileberget, Driveknolten, Nonsholten, Fløyen og Otterstein som turmål. Og avslutning med skillingsbollar og kaffi på Allmuen i Dale. Det vart ein perfekt dag! Denne ruta startar opp kraftvegen. Som DNT-ruta til Nipebu. Når Rivedalselva er stor må ein gå opp til demningen og krysse elva der. Med lite vassføring som i dag, brukar eg å krysse elva eit stykke nedom demningen ved den store steinen som ligg på høgre sida. Der er det greitt å gå over. Så går ein opp i den gamle stien frå Vindheim på austsida av elva. Gjennom grinda. Og omlag 100 meter lenger oppe tek ein til høgre ved to rognebærtre. Her i frå og vidare opp og innover Hundeheia er det godt merka med vardar. Stadvis med merkepinnar. For som vi veit er både Driveknolten og Nonsholten å finne på fjelltrimmen i Askvoll år om anna. Truleg har det likevel vore gjort ein veldig bra jobb med varding utanom dette. Det var faktisk heilt topp! Kjempeflott for den som er ukjend her. Applaus!
Skaret ved Høgknolten
Turen austover Hundeheia, og komen opp i skaret ved Høknolten, gir eit fantastisk skue over Dalsfjorden og til Rivedal, Straumsnes og Holmedal. Den flottaste utsikt du kan tenke deg. Her stoppar eg alltid på litt. Også for å få att pusten frå stigninga opp skaret... Vidare austover mot Driveknolten er det rein plankekøyring. Flott og tørt. Og for det meste ganske flatt før oppstigninga til toppen. Det er egentleg to toppar. Ein i nord og ein i sør med eit lite dalsøkk mellom. Hytta, som ein gong stod her, er diverre historie. Teken av vinden. Akkurat det skulle det nok ha vore laga eit høveleg jonsokbål av. Frå Driveknolten er det nydeleg utsikt til Tysse, Leite og ut fjorden. Også ned til Eikenes og Eikenesstølen.
Utsikt mot Driveknolten
Utsikt frå Driveknolten
Mot Nonsholten frå Driveknolten
Bortheim og Holmen
Aust for Driveknolten er det eit liten hammar du må ned for å kome deg vidare mot Nonsholten. Her er det greitt å vere litt forsiktig. Iallefall hvis det er vått. Der i frå er det for det meste ganske flatt. Herlege steinflater å springe på. For den som vil det. På Nonsholten, som ligg litt på nordsida av Heileberget og ikkje synleg frå Dale, er det forresten veldig flott utsikt til Fossedalen og Dalsstølen. Nipebu-traktene, Fossedalshengenipa, og ja sjølvsagt Eitrenipa, Kringla, Blegja, Laukelandshesten, Storehesten m.m. Fantastisk.
Mot Tysselandet
Fossedalen frå Nonsholten
Vi ser Øvre og Nedre Fossedal og Fossedalsvatnet.
Lite vassføring i Fossedalsfossen. Laukelandsfossen t.h.
Fjella er f.v. Eitrenipa, Søndre og Nordre Kringla og Laukelandshesten.
Bak med snø ligg Blegja og Storehesten t.h.
Frå Nonsholten ser ein også Fløyen i aust. Det er nok litt lenger enn det ser ut til. Litt opp og ned. Men det er egentleg berre strake vegen. På godt fjell. Og litt mark. No med veldig flott utsikt ned til Dale, Bortheim og Øyna.
Frå Nonsholten ser ein Fløyen
...og så hoppa det opp ein heilo frå reir...
ds (nede i midten)
Vel framme på Fløyen har du panoramautsikt. Rett ned til Dale. Og no også vidare inn Dalsfjorden mot Laukeland, Sætenes, Strand og Bjørvikstranda. Og sjølvsagt alle fjella rundt Dalsfjorden. Kjekt å sjå bort på Jøtelshaugen og Brendeheiknappen der eg har vore i det siste.
Øvre Fossedal t.v.
ds
Dale frå Fløyen i dag
On top.....😎
Eit par ord om stien ned igjen frå Fløyen. Det må vere noko av det flottaste dugnadsarbeidet som har vore gjort med stinettet rundt omkring her. Ikkje nok med at det er fantastisk merka i den bratte nedstigninga - det er også lagt ned alvorleg mykje heller. Kor mange timar dugnad som har vore brukt her skulle vore artig å visst. Utruleg imponerande!
Nedre Fossedal frå nedstigninga av Fløyen
Inn Dalsfjorden frå nedstigninga av Fløyen
Litt av det utrulege arbeidet som har vore gjort med stien til Fløyen
Ruta går så ned i løypa frå Otterstein til Fossevikja. Ja, så enda eg opp igjen på Otterstein i dag som i går. I dag med den forskjell at eg måtte ta beina fatt til Dale for å få min velfortente skillingsbolle. For deretter å måtte vente ein time, minst, på skulebussen til Rivedal. Og så ta føtene fatt igjen frå vegen og opp til parkeringsplassen. Dei to siste etappane på turen klart mest utfordrande😃
Snakk om å dukke opp til rett tid. Til duk og dekka bord. Kaffi og lappar. Ja, det var det som møtte meg i Fossedalen i dag. For etter å ha vore ein tur oppom Brendeheiknappen, så tok eg ein snur oppom i Nedre, og der var Harald og Reidun Fossedal heime. I tillegg møtte eg kjentfolk frå Dale. Eli Tømmerbakke og Bengt Hellebust. Eli har eg jo gått i klasse med på barne- og ungdomsskulen i 10 år. Så det vart jo eit veldig koseleg møte. På veg ned igjen tenkte eg på parallellen til då Gunnhild og Øystein budde her oppe - då fekk eg alltid gul saft av Gunnhild då eg gjekk forbi. Gjestmilde som ein alltid har vore i Fossedalen. I utgangspunktet stakk eg berre oppom i Nedre for å sjå på den nye transformatoren. Som kom opp no sist veke. Veldig bra at ein har fått på plass ny straumforsyning frå Vika. Dette etter at den gamle Skorva-linja nyleg vart teken vekk.
Ny straum til Nedre Fossedal
Grøfta frå den nye kabelen skal såast i
Elles er det tørt og fint å gå på Brendeheiknappen no. Steinelva, som kan vere stri, var berre ei lita sitla. Myrane inntørka. Kjempeflott i lette sko og lite klede. Ei flott tid!
Utsikt frå Røyrbotnholten. Rivedalskletten i midten.
Ruta kjem opp ved demma t.v. og går ned til Rivedalsstølane t.h.
Rivedalskletten, Straumsnes og Rivedalsstølen
Rivedalsstølen i motlys
Rivedalsstølen
Smørskornova i dag
Parkeringsplassen ved kraftverket i Rivedal er utgangspunkt for mange flotte turar. DNT-ruta gjennom Vagstaddalen til Nipebu startar her. Ein kan elles gå over fleire fjell som Bakkefjellet og Hekkelfjellet til Holmedal, over Skålefjellet til Stongfjorden, til Førdefjordsida via Svelia eller til Dale over Heileberget. Turane kan ein gjere akkurat så lange som ein vil. Alt etter tid og form.
Personleg synest eg det alltid er kjekkast å sleppe å gå opp og ned same vegen når eg er på tur. Men sidan eg går mykje åleine, er det ikkje like lett å bli henta ein annan stad enn der bilen står. Iallefall ikkje i arbeidstida til folk. Rundturar er då eit godt alternativ.
I dag valde eg såleis å gå inn dalen frå parkeringsplassen og demninga i Rivedal, og opp løypa til Røyrbotnholten. Rett frå sør. Den er merka etter fjelltrimmen i fjor. Oppe under toppen kryssar denne ruta DNT-løypa frå Stongfjorden til Nipebu. Den kjem frå vest over nordsida av Smørskornova. (Skulle vore merka opp att). Etter å ha vore oppom toppen på Røyrbotnholten (sjå video), gjekk eg såleis deler av DNT- løypa vidare vestover og opp på toppen av Smørskornova. Og svinga deretter skaret ned i sør, og ned lia til Rivedalsstølane. Endå såleis opp att på parkeringsplassen i Rivedal.
(Litt susing i starten) Ein annan fin rundtur er frå parkeringsplassen ved vassverket i Holmedal og opp ranen på Dokka, og via Nyksvatnet og Nykshytta ned igjen. Men det er mange andre rundturar her òg. Vi har jo 7-fjellsturen rundt sentrum i Askvoll. Det var skikkeleg kald nordavind i dag. Heldigvis ser temperaturane ut til å stige ut over i veka.
Eg var ein kjapp tur oppom TiTur posten på Skylefjellet i dag tidleg. I kald nordavind og skodde frå Mangevatna og opp (godt merkt då). Så i dag såg eg lite av det flotte landskapet. Ikkje akkurat sommarkjensle - og - knip deg i armen - eg tok ikkje eit einaste bilde.
No har eg vore på dette fjellet i mange år - både som fjelltrimpost, TiTur post og utan at det har vore nokon post her. Frå gryande morningar til blikkstille solnedgangar. I stummande mørke. I væte og storm. Og spesielt i 2007-2008 sesongen, med over 100 turar, var det ofte heftig. Undervegs i dag hugsa eg brått på den gongen då hovudlykta bles av hovudet mitt oppe på toppen utan at eg hadde med reservelykt... Så eg bladde litt i arkivet og fann blogginnlegget frå den gongen - 27.desember 2007. Eg ser jo at blogginnlegga mine då var av eit visst anna omfang enn i dag. Men det er no trass alt begynt å bli nokre år sidan. Med over 3000 blogginnlegg har no egentleg dette blitt noko meir omfattande enn det eg trudde i utgangspunktet. Nok om det... Nei, det var Skylefjellet. Og den turen eg hugsar best av alle eg har trakka hit - så eg tek eit lite klipp og lim frå den tredje juledagen og turen. Det var visst ein ganske innhaldsrik dag med Skylefjellet som toppen på kransekaka😄 - Litt sundagsunderhaldning skadar vel ikkje 😃 Og så får du litt YouTube bilder til slutt.
"Lufte vetet ja...
Eg kjende veiret var på vest oppover. Elvane gjekk over alle breidder. Det sildra og rann overalt. Stien var anten ei god myr eller ei rennande elv. Litt skuffande var det at eg faktisk var litt våt på eine foten då eg kom heim. Håpet er at væta kom gjennom gamasjane og ikkje gjennom skoa. Eg trur det, for eit par av elvane eg måtte over gjekk som sagt over alle breidder i kveld.
Ved Rinda tok vinden allereie godt i kroppen. Men det var først ved Mangevatna det bar skikkeleg til. Eg fekk vindkulene noko aldeles enormt i ryggen, og vart formeleg boren opp gjennom ranane. Til vanleg er dette morosamt, men i kveld i stummande mørkna var det litt skummelt. Eg visste aldri kor tid eg låg på trynet. I tillegg kom det nokre alvorlege regn og haglebyer, som eg heldigvis òg fekk i ryggen!
Slik gjekk det opp til siste toppartiet der du svingar vestover igjen. Ganske tøft får eg seie! No har eg trudd at eg har fått oppleve det meste av vind her oppe tidlegare. Men i kveld var det aldeles rått! Eg følte meg faktisk ikkje så veldig høg i hatten lenger, åleine i bekmørkna høgt til fjells i det uveiret! For eg formeleg måtte krype fram over bergkammane siste biten mot varden...Det var komplett umogeleg å halde seg oppreist. Og det dura slik at eg trudde eg skulle få skikkeleg dott i øyra. Veirglimta flerra opp himmelen ute i havet gong etter gong. Veirgudane var aldeles rasande! Truleg var det ein kaldfront på veg forbi, vestaveir som det var. Det hadde vore utruleg mildt tidlegare på dagen....
Brått fekk vinden tak i ein flik av hetta, og hovudlykta flaug av hovudet fleire meter bortover. Dette trass i at eg hadde bandet nedom øyra bak. Eg kunne ikkje ha bandet innom hetta pga bremmen som var i vegen for lykta. Det kunne blitt veldig artig hvis batteria hadde slått seg ut av lykta her ved toppen - i kveld då eg for første gong sidan eg hadde starta på desse ekspedisjonane i mørket ikkje hadde teke med meg reservelykt ...(Eg hadde litt lys i mobilen då, men til å leite opp att batteria med den hadde vore ei håplaus affære...) Scary! Eg fekk ein støkk i livet, men heldigvis lyste den like flott!! Ekstralys skal eg iallefall hugse på neste gong!
(eller rettare - ikkje rase av garde slik at eg ikkje gidd å leite det fram før eg går...:-))..Puhh! Det var ei lise og komme seg i skjul bak varden, sjølv om vind-duren frå denne gjekk gjennom marg og bein!
Eg måtte berre bite det i meg å komme meg på heimveg før eg vart heilt gjennomfrosen. Eg tok fram vottane...Og sjølvsagt hadde eg teke med meg ein svart vott og ein svart hanske av same neven... Heilt på trynet...! Eg valna vekk noko j... på fingrane. Det her var jo heilt texas - i svarte natta, åleine i det uveiret, og langt borte frå folk. Elendige forberedelsar. Skulle jo ikkje nemnt dette, kunne jo bli tatt for reine amatøren...:-)At det ikkje er så langt opp må ikkje gå på bekostning av forberedelsane. Eg lærte meg ei ny lekse. Aldri slurve. Det kan vere ubehageleg og ikkje reint ufarleg.
Ned att fekk eg uveiret for det meste midt i fleisen! Skikkeleg tøft altså...:-) Men utruleg godt å ha skikkeleg vind- og vasstett jakke! Heldigvis var det for det meste opplett. Lenger nede er det heller ikkje så eksponert for veir og vind, så frå Svartevatnet og heim gjekk det heilt fint!
Ja, du store mi tid! Det har vore nokre artige og utfordrande opplevelsar her oppe i det siste... Men uansett - det er iallefall god kveldstrim både for sinn og skinn!
I kveld vart det i tillegg rett spanande òg.....!"
Eg køyrde meg ein morgontur til Dale igjen for ein rask tur på Jøtelshaugen. Som del av ei runde to på TiTur Dalsfjorden 20.
Det var lettskya og lite vind. Passe temperatur. Tørt og fint i fjell-joggesko. Nydeleg utsikt til Dale og ut Dalsfjorden. Og ikkje minst til fjella og fossane på nordsida av fjorden. Også til Jarstadheia, Stav og Berge. Så sprang eg for det meste ned igjen på Dalsåsen. Mykje av ruta går jo på skogsveg og gjennom granskog, så der er det ikkje så mykje å sjå akkurat... Deretter ein tur nedom Allmuen for to skillingsbollar og heim igjen. Flott morgontrim... 😃
Medan det vart rusletur med fiskestong og filosofering i ungdomens fotefar i går, vart det fjelljogg med musikk på øyret på Eggene og Blåfjellet i dag. Greitt at dagane ikkje er heilt like for ein pensjonist òg... Når sveitten silar og endorfinane boblar i blodet, er det jo reine morfinen. Føtene spring av seg sjølv. I naturleg rus. Ja, kanskje er det dette som gjer ein avhengig av all slags fysisk aktivitet når ein først "har fått det i blodet"... Ein slags mani. Ein berre må. Tja, ikkje veit eg. Men då Eddie Vedder i Pearl Jam brått tonar inn med "Thumbing my way" på øyra mine, vart det nesten i meste laget. Sjølv for ein ung pensjonist.
"Thumbing My Way"
i have not been home since you left long ago
i'm thumbing my way back to heaven
counting steps, walking backwards on the road
i'm counting my way back to heaven
i can't be free with what's locked inside of me
if there was a key, you took it in your hand
there's no wrong or right, but i'm sure there's good and bad
the questions linger overhead
no matter how cold the winter, there's a springtime ahead
i'm thumbing my way back to heaven
i wish that i could hold you
i wish that i had
thinking 'bout heaven
i let go of a rope, thinking that's what held me back
and in time i've realized, it's now wrapped around my neck
i can't see what's next, from this lonely overpass
hang my head and count my steps, as another car goes past
all the rusted signs we ignore throughout our lives
choosing the shiny ones instead
i turned my back, now there's no turning back
no matter how cold the winter, there's a springtime ahead
i smile, but who am i kidding?
i'm just walking the miles, every once in a while i'll get a ride
i'm thumbing my way back to heaven
thumbing my way back to heaven
i'm thumbing my way back to heaven...
Eg rusla meg ein tur langs Bakkevatnet i dag. Tok med fiskestonga for syns skuld. Fisk vart det dårleg med. Det visste eg vel egentleg på førehand. Vindstille og midt på lyse morgonen. Så det gav eg fort opp. I staden vart det tid til litt filosofering. I den dørgande stilla.... Om mange somrar i barne- og ungdomstida mi her oppe.
Den gamle båten vi sette garn frå fann eg i dag òg. På god veg dit han ein gong kom i frå. Og eg fann att diktet eg laga ein gong i tida. Ja, den "sovande" diktbloggen min ligg der visst endå...
Det er ei underleg kjensle å vandre åleine i barndomens landskap. Tider skal kome og tider skal gå. Di eldre ein blir di meir kjensler får ein vel til si eiga livshistorie...
Bakkevatnet med pappa
og båten
Med Leif-Arne
Båten i 2013
I fotspor eg hugsar frå ungdommen av
ligg minner frå brannar so sterke
Dei kvervar nok langsamt av tidenes krav
om sinnet seg aldri lèt merke
Men fann deg eg gjorde blant nåler og kratt
du glede frå kjærleikens bogar
Du kjærleg meg fengsla du dyrbare skatt
i saman frå villaste logar
Så brått er vi unge og tida står still på ungdomens vinger vi reiser Og blodet det brusar av kjenslene vill og flagget til toppen vi heiser
Det fossar om baugen i solgangen inn eit klimaks av raudgløda lyster Og atter i saman vi havblikket finn på reisa til vekkløynde kyster
No gøymer eg minna om gullskatten min
som fargerikt landskapen malar
Ein kjærleik finn gravstad i aldrande sinn i elvar og solrike dalar
Mykje godt arbeid av Hjørdis Åsnes og Asbjørn Igelkjøn
Sylvsteinheia
Som ei avslutning på første runde på TiTur Dalsfjorden, tok eg ferje til Fure frå Askvoll i dag tidleg, og gjekk på dagsturhytta Vidsyn på Bygdeheia. Flott og grei tur opp. Delvis på skogsveg. Klokka var ikkje meir enn 08.30 då eg kom opp der. Første gongen for meg. Utsikta er fantastisk flott. For mitt vedkommande har dette sjølvsagt å gjere med at eg får sjå alt det kjende på nordsida av fjorden i ein ny vinkel frå sør. Havet, øyane, Alden, Brurastakken og Askvoll. Og sjølvsagt alle dei kjende fjella.
Etter å ha teke nokre bilder, og sjekka ut på DNT-appen, sprang eg for det meste rett ned igjen mot Furset. Så bar det vidare til Straumsnes og til Agnar Åsnes. Han venta meg for å ta meg med på ei runde rundt i fjella der. Og for ein tur det vart. Nesten 5 timar. Dalsfjorden låg heilt blikkstille. Blått i blått. Grønt i grønt. Og sol. Straumsnes og Holmedal som perler ved fjorden.
Så tok vi avgarde på Straumsneset rundt. På heilt ukjende stiar for meg. Storekleiva, Kalvhågåsen, Andalsvik, Vikabrekka, Langeneshovden, Vardeheia, Nigardsstølen, Gravarstien, Arsteinheia, Sylvsteinheia, Ingridstien og ned att på Storekleiva. Ei skikkeleg runde med andre ord. Og då kunne eg sleppe jubelen laust. Finalen i boks. Men akkurat denne ruta var vel kanskje ei såkalla "once in a lifetime" oppleving.
Stiane på Straumsneset var veldig godt merka. Fantastisk utført arbeid. Overalt. Og som på Atløy, og på begge sider av Dalsfjorden, er det reint imponerande kor mykje frivillig dugnadsarbeid som blir lagt ned med merking og tilrettelegging av stiar, slik at folk skal kome seg ut og føle seg trygge på tur. Stor applaus.
Det ligg mange flotte og gøymde perler i nærområdet vårt som ein reint overser i det daglege. På mange måtar er det reint bortkasta tid og energi å reise langveges for å få flotte naturopplevingar. Perlene ligg på rekke og rad rett utanfor vår eiga stovedør.
Takk til deg Agnar som tok meg med på denne fantastiske runda i dag.
Har sløva litt med blogging av turar i det siste. Det har blitt nokre her oppe som før. Men det blir lett drøvtygging når rutene blir dei same. I pinsa var vi dessutan i Bergen. For barnepass og sosialt samvær. Då vart det pause frå fjellgåinga òg. Det var som ein fyr sa her ein dag - det må ikkje bli ein besettelse - sjølv om det til tider kanskje nettopp har vore det...:-)
I dag følgde eg Olaug på posten på Skylefjellet. Men for å få litt meir ut av turen gjekk eg austover og opp på Toreheia òg. Returen over Yndestadhøgeheia. Fruen gjekk strake vegen ned att.
Flott vèr, men med litt høge skyer. Nesten heilt vindstille. Og tørt i terrenget no. Eg gjekk i fjell-joggesko og shorts. Utruleg lett å ta eg fram slik samanlikna med vinterturane her oppe. Super-tur!