Toreheia - igjen |
Ytrevågefjellet - igjen - mot vest Ingen dyr i bakkane mot Toreheia t.h. |
Ytrevågefjellet mot aust Indrevågefjellet bak midt i bildet |
Eg hadde meg ei runde heime i frå og den vanlege ruta over Toreheia og Ytrevågefjellet igjen i dag tidleg for å sjå etter sauer. Men det vart magert resultat. Det gjekk rett nok ein flokk av sorten ved Krikavatnet, men det var ikkje dei eg var på jakt etter. Oppe på sjølve fjellet var det ingen. Ingen i området mellom Toreheia og Ytrevågefjellet heller. Her brukar det ofte å gå dyr. Nei, dei har nok hatt vit til å trekkje ned i skogen på Osland. For det er både surt og vått oppe på fjellet no. Og verre skal det visst bli. For min del var det greitt å kome meg fortast mogeleg heim igjen i dusjen. Millet-skoa tålte ikkje væte i dag heller. Då blir det Meindl Vakuum neste gong. Nye og nyimpregnerte.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar