fredag 13. september 2019

"like eins i syningom"






Etter å ha jobba eit par dagar med å kappe ved, vart det i dag eit høve til ein kjapp fjelltur igjen. Med besøk i vente gjekk eg ein tur på Skylefjellet (eg kom på eg hadde lovd å støvsuge...😊) I alt slags vèr. Solide regn- og haglebyger, men òg gløtt av sol. Godt kva trim ein kan få innabords. Det er ikkje akkurat fine meldingar til helga, så då får gjerne fjell vere fjell? Kven veit? Men fjella står no der "like eins i syningom"... 

Ingen kommentarer: