lørdag 21. september 2019

Super haustdag i herlege Askvoll-fjell

Panorama aust frå Portafjellet

Stordalsfjellet framme til høgre.
Foto nedstigninga frå Portafjellet

Utsikt frå Stordalsfjellet
(Sjå namn på fjella under. Fløyen og Nonsholten t.h.)

ds
Framme t.v. Markahengenipa, Fossedalshengenipa, Høgholten.
Midterste rada er Eitrenipa, N&S Kringla og Laukelandshesten
Bak ligg Blegja og Storehesten

I dag gjekk eg den flotte runda frå Oslandsbotnen og via Botnastølen til Porten og opp på Portafjellet. Deretter ned på austsida og opp på Stordalsfjellet. Dette fjellet er fjelltrimpost frå oktober av og ut neste sesong. 

Det er fleire ruter opp på Stordalsfjellet. Dei to mest opplagde er frå Osland/Oslandsbotnen og opp det bratte skaret ved Portafjellet. Som eg gjekk i dag. Men ruta frå nord om Portafjellet er opplagt betre og meir forsvarleg på haust/vinterstid om det er frost/snø. Spørsmålet er om ein skal merke begge? Kanskje unødvendig sidan det er relativt lite folk som vil gå her vinterstid? Uansett veg er det fantastisk å kome opp hit, få første sola for dagen og openbaringa med panoramautsikta mot fjella i aust, søraust, sør, vest og øyriket mot Florø i nord (sjå foto). Makelaust spør du meg! 

Stordalsfjellet i dag

Frå Stordalsfjellet gjekk eg så ned igjen dalen mot sør. Kryssa så øverst i Stordalen og gjekk opp på Vardenova frå aust. Det er ei flott stigning opp her. Flott også på ski om vinteren. Du har nydeleg utsikt ned Stordalen til Stordalsvatnet og fjella i aust. Haustfargane i Stordalen er berre heilt nydelege. Som i dag. Likeeins skaper elva som renn ned den slake dalen eit idyllisk skue. 

Frå stigninga til Vardenova
Portafjellet t.v. Stordalsfjellet i midten og Stordalen/Stordalsvstnet t.h.

Vardenova er høg. Den kneisar over det meste. Lett å sjå frå aust og vest. Og har sjølvsagt då herleg utsikt. Spesielt ned til Dalsfjorden, Rivedal og Straumsnes (berre eg ser Dalsfjorden). Men også til Florø, Osland, Toreheia og Ytrevågefjellet i nord/nordvest (sjå foto). 

Panorama frå Vardenova med Rivedal og Straumsnes
Eg gjekk så ned framsida/vestsida av fjellet. Her er det bratt. Og berre ein veg ned. Men det er rimeleg bra merka med vardar "etter gamalt". Deretter runda eg fjellet i urane nede mot vatnet som ligg her, og gjekk opp nordsida av Røyrbotnholten. Her er det nok ytterst få som går. Men det er framkomeleg opp. Bratt er det ja. Nokre sva òg. Fjelltrimboka som ligg på toppen hadde nok meir signaturar for 7 år sidan enn denne sesongen. 

Eg var litt i stuss om å gå opp på Smørskornova òg. Og ta returen via Langevatnet til Svelia. Men eg fekk i grunn meir lyst til å kome meg heim til fotballkampen som begynte 13.30. Så eg gjekk difor rett ned skaret på vestsida av fjellet (ja, her er framkomeleg her òg for den som er kjend) og ned i Svelia og vidare til Oslandsbotnen... Kampen nådde eg akkurat. Men 1.omgang kunne eg godt ha sløyfa. Turen på 5 timar var likevel lang nok som han var...

Veldig kjekt å kome ned i Svelia i dag
og sjå at Svelivatnet er smekkfullt!


Ingen kommentarer: