lørdag 7. september 2019

Herleg sauesanking

Alden og Stavenesodden 

Heimefjella er eit fantastisk område å sanke sauer i.
Her ser vi heim att til Yndestad midt i bildet

Eg vart med å sanka sauer i heimefjella i dag. Sauene som høyrer til i Vågane hjå Henrik Veiesund. Eg har vore opp eit par turar i det siste for å sjå etter dei. Kjekt egentleg å ha noko å gå etter. Og sauesanking blir for meg som ei form for jakt. Det vaknar vel eit jaktinstinkt i alle når ein først skal finne dyra, og så få dei på rett kjøl heim igjen. Ja, det er ikkje alltid berre, berre. Det fine med denne form for jakt er at ein slepp å ta livet av flotte dyr. Personleg er ikkje det noko for meg. Skyte kan eg gjere med kameraet... 

Vel, dei tre første dyra gjekk eg på ved Krikavatnet. Det vil seie eg gjekk på tre på kvar side av vatnet. Så langt vest går det også sauer frå Stongfjorden. Eg måtte difor sjekke av eigar av dei som gjekk på nordsida først - og dei var ikkje av dei som skulle sankast. Dei tre andre derimot måtte austover. Desse tok eg med oppover mot Toreheia. Her gjekk det også fleire som vart med i same rennet mot Hjartebuvatnet. No var elva stor som renn ut av vatnet ned mot Stavestranda. Men om det var dette som gjorde at dei sprang nedom Toreheia på nordsida, og ikkje ville over elva, veit eg ikkje. Iallefall stod eg att nesten på toppen av fjellet og såg sauene sprang under meg nedom brattaste stupa....


Første dyra for dagen vest om Toreheia (mobilfoto)

Nei, det var ikkje akkurat den vegen dei skulle. Så dette vart ei utfordring. Men etter litt samråd i ein telefonsamtale fekk eg berre sette dei på vent. 

Eg gjekk då opp att på toppen av Toreheia for å gå dei i møtest under fjellet frå nordvest. Her gjekk eg på 7 dyr. Og lenger ute stod det 6 til. Jaha tenkte eg - eg lyt gå ut etter dei ytste først og prøve å samle dei til 13. Det som ikkje gjekk, var at dei ytste stakk sørsida av toppen og ikkje gjekk dei andre til møtest. Så eg følgde dei til bakkane ned til Hjartebuvatnet, og sette dei att der. Oppatt på toppen for å ta med dei 7 andre...Men dei stakk sjølvsagt ned rett nord for toppen mot Stavestranda (under brattaste fjellet der første flokken stoppa). Då eg så gjekk ned og følgde desse, var den første flokken trekt ned att i dalen mellom Ytrevågefjellet og Toreheia. Bingo. Så då fekk eg samla alle desse her nede.

Desse sprang ned nordsida av Toreheia

Ja, så var det resten då. For etter ein telefon med Magne Strømmen som var på Ytrevågefjellet stod det att sauer over meg. Og desse måtte hentast ned. Det gjekk greitt. Men så var det dei 6 som hadde gått hi sida av Toreheia. Det var berre å gå mot sør og få dei med seg òg.... Det eg ikkje heilt forstod då eg kom fram til dei var at 6 var blitt til 7... Men, men dei måtte same vegen som dei andre - rundt Hjartebuvatnet og opp høgda mot Ytrevågefjellet. Då kima telefonnen igjen - at det gjekk att 6 stk eit godt stykke lenger oppe! Ja, ha, det var dei 6 - desse siste 7 var ein annan flokk. Så då var det berre å gå opp igjen alle dei lange bakkane på sørsida av Toreheia. Og etter ein omveg rundt dei, fekk eg dei ned bakkane mot dalen og Hjartebuvatnet. No var heldigvis mykje gjort. 

Dei 6 var blitt til 7, men så var det ikkje dei 6 likevel...😃

På veg opp igjen etter dei opprinnlege 6 ligg Stongfjorden for mine føter

10 minutt seinare fekk eg ein ny telefon frå Ytrevågefjellet. Dei 7 i stad var trekt nord igjen ved elva mot Stavestranda... Så då var det å gå nord igjen etter desse. Puuh! Vel, til slutt fekk eg samla alle over elva, og vi tok fatt på bakkane opp på Ytrevågefjellet. Her oppe venta det fleire sankarar og sauene var no godt samla. Så søraust om Ytrevågefjellet tok Henrik og dei andre over sauene. Vi hadde oss ein prat og eg takka for meg. Dei ville ta sauene siste stykket ned til Vågane. 


Henrik til høgre tek over stafettpinnen...

Deretter stakk eg bortom toppen på Ytrevågefjellet og skreiv meg inn i fjelltrimboka.  Og tok så den vanlege ruta ned igjen til Osland der Olaug henta meg.  

Måtte få namnet i boka på Ytrevågefjellet
(men det var ikkje akkurat rett opp og ned i dag...😊)

For ein flott tur. For eit flott vèr. For ein flott sankedag. 

Men i ettertid viser det seg at det framleis går sauer igjen på fjellet - så då har eg endå meir å gå etter. Vi får håpe vèret spelar på lag. Men i morgon blir det tur med Agnar på Rørvikefjellet og i Haukedalstraktene (om skrotten spelar på lag...😊). 

Ingen kommentarer: