tirsdag 3. september 2019

Sau reknognosering


I dag gjekk eg motsett rute frå hin dagen. Som vist i bildelinken under. Og tok med meg Skylefjellet i tillegg. Sidan det var så ufyseleg vèr hin dagen var det lite å sjå. I dag var forholda mykje betre. Eg fekk såleis ei bra oversikt over kvar sauene går her oppe. Det er nemleg sauesanking til helga. Ikkje det - eg har ikkje sauer, men det er alltid kjekt å gi ei tilbakemelding  til dei som har. Ja, så blir vandringane meir fornuftige òg... 

Vèret var som sagt ganske bra i dag. Litt dråpar i lufta no og då, men ikkje så mykje vind. Temperaturen derimot viste ikkje mange plussgradene.... Det er verkeleg tid for å ha ekstra klede med seg. Elles fin tur.

Ingen kommentarer: