tirsdag 24. september 2019

Ein saufri dag i puraste gull

Stongfjorden i dag
(alle foto mobil)


Morgonens store overraskelse var då eg rett etter klokka 08 i dag tidleg gjekk meg på eit menneske då eg var på veg opp bakkane heime. I soloppgang. For sola rann nettopp aust ved Portafjellet, og laga lia om til gull, då ein tobeint skapning brått stod meg midt i glaninga. Vel, så mange menneske som kjem ned igjen frå fjellet her heime i soloppgang, kunne det ikkje bli så mykje snakk om. Vincent Y. er friluftsmenneske. Som eg har inntrykk av går sine eigne stiar. Så sjølv om familien har hytte ved Svartevatnet hadde han lege ute, fotografert og sett på stjernehimmelen. Heilt etter min smak. Og så fekk vi oss ein god prat etter gamalt. Før vi gjekk kvar vår veg...

Ja, såleis var eg allereie komen godt i gang med ruta mi. Kjekk start på dagens fjelltur. Som i bunn og grunn var meint å skulle stå i stjerneteiknet sau. Eg hadde såleis bestemt meg for å gå heilt vest til Blåfjellet i Grimelia  og inn att heile nordsida mot Stavfjorden via Skylefjellet og mot Toreheia. I første omgang. 

Det var ein utruleg flott morgon. Mangevatna låg blanke som speglar. Knallblå himmel. Knallblått hav. Ikkje eit vindpust. Landskapet ikring skinande som av puraste gull. September på sitt flottaste. Og så dukka hurtigruta opp vest av Blåfjellet. Som ei kvit svane på de blåaste hav... Av og til er det vanskeleg å beskrive korleis hovudet sansar omgjevnadane. I dag tidleg nærast som ein euforisk lukkerus. Der og då. 

Hurtigruta dukka opp (mobilfoto)


Vel, eg stod allereie på Blåfjellet "då eg kom til sans og samling igjen"... Her måtte falkeblikket skjerpast og øyrene reinskast. På jakt etter kvite dottar og bjelleklang.  For når ein går inn på Blåfjellet frå Yndestad har ein god oversikt over Mangevatna og området ikring. Sauene skin opp som "kvite englar" i det gullfarga landskapet. Så her var ingenting å sjå. 

Utsikt frå Blåfjellet i dag (mobilfoto)


Frå Blåfjellet heldt eg så fram innover dei nordvende bakkane mot Stavfjorden og aust til Skylefjellet. Ingen kvite dottar. Så vidare innover dei nordvende høgdedraga til Toreheia. Med god oversikt frå Storesva og ned i Kjennahola (lærte eg i går) der det har vore sett sauer. Men der verken såg eller høyrde eg nokon ting.... 

Skylefjellet

Storesva
Kjennahola 

Med god oversikt over bakkane i aust mot Ytrevågefjellet tok eg så fram kikkerten og saumfòr heile området. Der såg eg folk på Ytrevågefjellet. Men ikkje eit beist. Så ringde telefonen. Turid S. på tråden. På Ytrevågefjellet. Og ho med god oversikt til området der eg sat. Vel, her var ikkje sauer. Banna bein. Som det heiter på fint. Eg bestemte meg då for å gå heile sørsida innanfor Yndestadhøgeheia mot Osland for å sjekke av det. Det var vekkasta å gå på Ytrevågefjellet.

Vèrhardt landskap ved Toreheia

Toreheia
Mangevatna oppe t.h.
Dagens selfie på Toreheia
Opp og ned. Fram og tilbake. Og utsikt ned og ut heile Stongfjorden. I puraste gull. Men sau? Ikkje sorten... Eg var no komen heilt inn og ned til storesteinen i Oslandslia. Og relativt slukøyra måtte eg konstatere at dagen hadde vore komplett saufri. Om turen i seg sjølv var aldeles strålande. 

Yndestad frå ein annan vinkel

Storesteinen i Oslandslia

Nei, innerst inne forstår eg i grunn sauene godt. Som ikkje har lyst heim igjen. Finare septemberdagar skal ein no leite lenge etter. Og næring er det rikeleg av oppe i bakkane. For min del vil eg no òg seie at det er fint å ha noko å gå etter ein annan dag òg...😎 

Litt godt drikke må til etter ein fin dag på fjellet






Ingen kommentarer: