mandag 9. september 2019

Ein klassikar

Agnar laga til ein klassikar av ein tur

Utsikt ved Rimmane
Haukedalsvatnet t.v.
  
Ved Kvitefjellet

Ramnenipa

Utsikt frå Nesfjellet
Vi ser nokre av fjella vi var oppom
f.v. Rimmane, Ørnefjellet, Kvitefjellet (ikkje oppom toppen i nord), Svartefjellet

Ramnenipa t.v. Grovabreen og Frøysland t.h.

Haukedalen t.h.

Nesstølen -
flott og vèlhalden

Ein klassikar. Ja, eg vil kalle det for det. Turen Agnar Åsnes fekk meg med på i går. Tidleg opp. Køyring til Førde. Avgang Førde i to bilar. Og parkering av ein bil på Rørvikefjellet. Og så parkering av ein bil til på Nes inst i Haukedalen. Opp igjen på Rørvikefjellet - og ja så avgang til ein fjelltur på 8,5 timar. På mange fjell over 1000 moh som eg aldri har sett min fot.  

Ruta ser du under. Noko detaljbeskriving lèt eg liggje. For å seie det slik så vart det opp og ned det eine fjellet etter det andre. Bratt. Og ned frå sørkanten av Kvitefjellet mot Svartefjellet (legg merke til namna) hamna vi opp i nokre bratte sva med stein og mose som vi måtte bruke all varsemd for å komme oss ned. (Det er alltid lettast å sjå nede i frå kvar du skulle ha gått ovan i frå...😉). 

Det smakar med ein munnfull -
frå partiet mellom Ramnenipa til Nesfjellet

Elles var oppgangen til Ørnefjellet frå Strupen inst i Norddalen til Ørnefjellet ganske seig. Bratt opp i ur og gras... Men der dyr har gått er det no framkomeleg for folk òg. Finaste partiet synest eg var frå Ramnenipa til Nesfjellet. Litt slakare og lengre høgfjellsterreng. Flotte isvatn med nydelege elvar. Nedslagsfelt til Gaularvassdraget må vite (åå so bra dette vart verna. Creme de la creme. Utruleg vakkert). Og fantastisk panoramautsikt i alle himmelretningar. Då må eg nesten skunde meg til å seie at utsikta var formidabel frå alle fjella (sjå fotoserie). Det mest forunderlege var at, etter kva eg hugsar, så såg vi Atløynipa frå toppen av alle fjella. Ja og så oftast Storehesten og Blegja. Og Agnar imponerte stadig med å blinke ut kva fjell vi såg i aust, sør og nord sidan vi begge var einige om at eg er meir for heimeføing å rekne...😅 Vel Gjegnen, Snønipa, Grovabreen, Ålfotbreen, Johannesberget etc etc og alt i vest kjende eg jo. Litt verre var det med kjennskapen til Holsafjella og alle brearmane. Men no kjenner eg no somme av dei òg - i tillegg til Kabusen.... For eg må nesten få legge til at så fantastisk fint som det er i Haukedalen, ja det gir meg frysningar langt ned over ryggen. 

Nedstigninga mot Nesstølen og Haukedalen -
det er haustlege fargar i fjellet no...

Haukedalsvatnet mot Vindheim og Øvrebotten i sør

Eg kunne ha skrive opp og ned i mente om denne turopplevinga. Men som alltid fortel bilder meir enn ord. Så med dette lèt eg bilda tale for seg. Ein usedvanleg tur vart det. I nydeleg vèr. I nytt og ukjent terreng. Rett i minneboka. 

Fotoserie 
(bilda gjer seg på storskjerm)



Som YouTube fil: 


URL https://www.fylkesatlas.no/share/963b00ad7d09


Vi var oppom

Rimmane Ørnefjellet Holsatverrfjellet Svartefjellet Ramnenipa Nesfjellet  i tillegg til sørkanten av Kvitefjellet.

Ingen kommentarer: