søndag 1. september 2019

Frå solvarme Kreta til ruskevèr heime

Ytrevågefjellet
Pøsa ned ved vadet i dag

Lågt skydekke over Stavenesodden i dag 
For å kome i gang igjen med litt fjellvandring etter Kreta turen, gjekk eg i dag på Toreheia og Ytrevågefjellet. Ruta i dag kan vel kallast standardruta mi her heime. No skal det seiast at eg brukte ei tid på å bestemme meg. Med regn, vind og skodde utanfor nòva trengst det ofte litt ekstra overtaling på å kome seg avgarde.... Men når ein først er komen i gong, prellar berre vèret av. Om ein er kledd for det. Med meldingar som i dag, har eg alltid med klesbyte. For det er alltid meir utfordrande vèrforhold oppe i fjellet enn ved fjorden heime.... Og ja, det bles, regna og skodda fauk rundt øyrene der oppe. Å kjenne på kulingkasta riste kroppen og regnet piske ansiktet er alltid friskt.... 

Elles var det ei stor overrasking å treffe på ein person nede i bakkane aust for Ytrevågefjellet. Sjeldan eg treff på folk her oppe. Men jammen hadde tidlegare kollega Rolf Gisle S. teke turen oppover. Tøft. Vi slo av ein liten passiar i ei byge. Han på veg opp, eg på veg ned. 

Tyngste biten i dag var å gå asfalten i våte fjellsko frå Vågane og heilt heime igjen. Peter på første hjortejakt-økta si, og Olaug på veg heim igjen frå Ullensvang, gjorde logistikken dårleg.  






1 kommentar:

Barwitzki sa...

...ein bisschen gespenstisch :-)))