![]() |
| Dagens selfi |
![]() |
| Skyer og skodde over Atløy og Alden i dag tideg |
![]() |
| Sauesundet |
![]() |
| Askvoll |
![]() |
| Dagens selfi |
![]() |
| Skyer og skodde over Atløy og Alden i dag tideg |
![]() |
| Sauesundet |
![]() |
| Askvoll |
![]() |
| Ingebrigt, Roy, Arnljot, Vilde og Arvid |
![]() |
| Rett vest av Høgeheia med utsikt til Atløy og Alden |
![]() |
| På veg ned i Holevika Eg vart med Roy og gjengen på sauesanking i Høgeheia traktene i dag. Vi starta frå Holevika i dag tidleg og gjekk der i frå opp bakkane til Høgeheia. Her delte vi oss litt strategisk til sidan vi visste at sauene gjekk i dalsøkka aust om toppen. Og for å møte dei slik at vi fekk dei på "kjøl" retning stien ned igjen i Holevika. Eg sjølv gjekk med Roy og Arvid B. med hundane sine. Etter litt fekk Arvid samla dei. Sauene tok nordsida av Høgeheia som vist på bilde 2. Sjølvsagt gjekk det fleire timar og litt att og fram før vi fekk sauene ned i innhegninga i Holevika. Men alt i alt gjekk det veldig bra. Så no gjenstår det å plukke ut vèrlamma og elles det som skal gå til slakt. Resten reknar eg med skal opp igjen sidan dei går ute heile året. Flott og sosial tur! Kjekt å kunne bidra med noko nyttig, og få fjellturen som bonus. Takk for laget! Foto Sauesanking Høgeheia 181026 |
![]() |
| Dagens |
![]() |
| Sola stakk gjennom i dag - her utsikt mot Granesundet i Askvoll - Atløy t.h. |
![]() |
| Dagens Alden og Heggøy |
Ja, det skal noko til å kome seg til fjells og heim att tørrskodd om dagen. Søkkblautt over alt! Og Furefjellet som eg var oppom i dag tidleg er ikkje noko unnatak. Gjennomvått, gjørme og sleipt underlag. Vel, vel bra og ha ei god vaskemaskin.
Dette set sjølvsagt krav til gode sko frametter. For det tørkar ikkje opp no før det kjem frost. Og halvhøge sko (i det minste) er eit must. Elles er det fornuftig med gamasjar! Ja, med noko anna på føtene blir ein søkk våt og gjørmete nede i skoa. Joggesko kan ein berre gløyme.
Eg kom meg tørrskodd heim igjen i dag òg. Men dei beste og nyaste skoa måtte til. Elles var det faktisk opplett og delvis sol på turen. 8-10 grader og lett bris. Fin trim!
![]() |
| Størdalsstauren i soloppgang i dag tidleg - foto frå Mjåseth |
![]() |
| Eg ser heim att til raudehuset vårt midt i bildet |
![]() |
| Dagens selfie på Størdalsstauren I dag tidleg var eg ut til Dag Tore Mjåseth og henta ny fjelltrimbok og metallboks som skulle utplasserast oppe på Størdalsstauren. Registreringane for den nye 26/27 sesongen startar 11.oktober. Dag Tore hadde sett opp merkepinnar for nokre dagar sidan. 2.oktober vart elles boka på Furefjellet lagt ut. Begge desse fjella er nærast for heimebane å rekna for oss i Stongfjorden. Frå sofakroken ser eg så fint over fjorden og opp på Størdalsstauren. Eg har jo gått ein god del på Størdalsstauren opp gjennom åra. Spesielt når fjellet kvart sjuande år har vore fjelltrimpost. Men det er vel ikkje til å underslå at dei bratte bakkane rett opp frå fjorden gjekk adskilleg lettare før i tida enn i dag (vel, ok er er litt forkjøla då 😅). Det var nemleg eit blodslit opp dei gjennomvåte bakkane. På slutten oppe på dei humpete terrenget vestover mot toppen gjekk det litt lettare då eg fekk sola i ansiktet 😎. Utsikta frå Størdalsstauren er nydeleg (sjå video under frå i dag og samleserie). M.a. sørvestover til Jamneheiane, vestover til Alden, Hovden på Atløy og Heggøyna. Vidare Staveneset og Høgeheia. Inn Stongfjorden, heim til Yndestad og inn til sentrum. Osland ser ein i nordaust. Og mot søraust ser ein nordsida av Moldura. Elles er det fin utsikt over mot Toreheia i nord og øyriket i Florø. Berre for å nemne litt. No får vi håpa at mange hiv seg på den nye fjelltrimsesongen. Denne forma for fysisk og psykisk fostring er absolutt å anbefale å bli med på. God tur! |
![]() |
| Dagens selfi i havbrisen....😎 |
![]() |
| Furefjellet ligg ytst på Stavenesodden med utsikt til m.a. Alden og Heggøyna |
![]() |
| ...og Granesundet i sør. Vi ser Askvolfjella t.v. og Atløy t.h. |
![]() |
| Frå toppen av Moldura med utsikt mot aust |
Som med Dokka er det fleire ruter opp. Mest nytta er frå vassverket i Holmedal og via dagsturhytta og opp ura. Ein ka jun under toppen gå opp frå vestsida og. Her kjem ein også opp hvis ein går via Størdalen i vest. Sjølv har eg nytta mest ruta frå Stavsnes i Stongfjorden i nord. Elles er det fint å gå frå Holmedal via Tveit/Hålandsstølen og Fagredalen frå aust. I dag er ruta via dagsturhytta merka. Dei andre berre sporadisk. Det er nydeleg utsikt i alle retningar frå Moldura. Frå gamalt av sa dei at du kunne sjå 7 prestegjeld. Sjå biletfilm frå kommentarfeltet. Eg har i denne serien valt haust og vinterbilder då det er finast lys på denne tid. Foto 1 frå toppen mot aust. Blåfjellet, Blåfjellssåta og Bakkefjellet nærast. Foto 2 frå toppen mot vest etter solnedgang. Vi ser Atløy og Alden før det er heilt mørkt. |
| Morgonstemning: Utsikt til Straumsnes og Holmedal frå ranen på Dokka |
No har vi vore innom Alden, Atløy, dei 7 fjella kring Askvoll sentrum og Bakkefjellet. Med same utgangspunkt som sistnemnde kan vi, etter mange sitt syn, ta turen oppom kanskje det flottaste fjellet i kommunen - nemleg Dokka.
![]() |
| Ved Fismavatnet mellom Smørkletten og Jamneheiane |
![]() |
| Utsikt frå Blåfjellet nær Askvoll sentrum. Vi ser mot Lutelandet og Solund i sør. Sauesundet t.h. |
![]() |
| Olaug ved grillhytta på Eina i dag |
![]() |
| Utsiktspunkt ved Hovden på Hellevika |
I dag gjekk siste turen for å fullføre stolpejakta i Askvoll og Fjaler for Olaug og meg. Til det siste kartet i Ytre Fjaler. Her besøkte vi Stroka området ute ved Lammetun der siste stolpen stod ved grillhytta i nord mot Einingsneset. Deretter Grytøyra, Grytøyråsen og Furset. Så Kjøsneset og Kjøsnesåsen. Til slutt opp på Hovden på Hellevika.
Askvoll har 4 område på årets utgåve av stolpejakta. Der Atløy har 43 stolpar, Kvammen, Stongfjorden og Askvoll 34, Rivedal, Holmedal 33 og Værlandet/Bulandet 30. Totalt 140.
Fjaler har 2 område. Der Straumsnes/Ytre Fjaler har 43 stolpar. Og Dale/Haugland har 23 stolpar. Totalt 66. Så då har vi fått scanna alle dei 206 stolpane i kommunane. Frå fjord til fjells, nokre lette postar andre meir krevjande. Artig er det å få sett stadig nye område. Og veldig kjekt å kunne gjere noko sosialt i lag.
Så no er TiTur Dalsfjorden i boks. Og fulførte kart på stolpejakta i Askvoll og Fjaler.
Som kanskje enkelte har fått med seg har vi gått ein god del stolpejakt i Indre Sogn, Skjolden, Hafslo, Luster, Veitastrond, Marifjøra etc. Framover blir slike utflykter meir som eit krydder når det passar seg slik. Sjølv vil eg gå meir på den vanlege fjelltrimmen i Askvoll no. Poenga i stolpejakta er eg ikkje så oppteken av.
![]() |
| 10/10 på Storlifjellet |
![]() |
| Hestebakken med fin utsikt til Straumsnes, Vårdal og Atløy |
![]() |
| Godlynte kyr på Hestebakken |
![]() |
| På hytta til Margaret og Agnar på Åsnes - med praktfull utsikt til Holmedal, Dokka, Moldura og Bakkefjellet |
![]() |
| Her sit eg i veten på Atløy i bakgrunnen ligg Hovden t.v. og Høgeheia på Stavenesodden t.h. lengst bak |
![]() |
| Utsikt til Eidet og nord i Solund |
I ettermiddag gjekk turen til Atløy igjen og til TiTur Dalsfjorden posten på Veten. Toppen ligg mellom Skålefjellet i vest og Skredvarden/Atløynipa i aust. Ein flott og grei tur opp frå Eidet med fantastisk utsikt (som det måtte vere frå vetar). Og som alltid på godt merka sti. Nydeleg vèr, men ein ganske så kald nordavind på toppen.
Vetar er spanande stoff. Når ein rundt vikingtida sette fyr ved desse siktepunkta langs kysten, fekk ein i si tid varsla om komande farer som kom seglande. Eit effektivt varslingsystem langs heile kyststrekninga vår. Veten på Atløy er kjend. Og du kan lese om den på linken inn under frå Jul i Sunnfjord i 2014. Det som ikkje står i artikkelen er at det sannsynlegvis er ein vete på Høgeheia òg som eg kom over for nokre år sidan (dei meinte det inne på fylkesavdelinga). Og medan vi er inne på gamle kulturminne kan du Sjå blogginnlegg om fangstgrav på Blægja og link til vete på Høgeheia her. Og Vil du lese meir om historia til Veten på Atløy kan du sjå her.
![]() |
| Ved gapahuken ved Herlandsvatnet |
![]() |
| Herr Stenskvett er på stolpejakt òg - her på free campen ved Tvibyrgssundet |
Olaug og eg tok andre turen på stolpejakt på Atløyna i dag. Og fekk med oss resten av stolpane vi mangla der ute. Den første turen med Håvard og Tiril, Marie og Øyvind og jentene kan du sjå bilder av her. (Også med linkar til flotte bilder og turar frå arkiv). Veret i dag var overskya med litt regn i lufta. Og ein ganske så kald nordaust vind.
Turen gjekk først til Herland der vi fekk scanna inn resten av stolpane ut mot Tvibyrgssundet. Deretter køyrde vi tilbake til Sauesundet og parkerte bilen ved butikken. Og gjekk runda om idrettsbana og Nedre Grov og rundt. Så var det ny etappe til Høyvika. Her fekk vi med oss alle stolpane ut mot Rindane og til Herlandsvatnet. Så då var alle stolpane på Atløyna scanna. Totalt 43 her ute. På neste tur får vi håpe på litt varmare vårvèr enn i dag.
Foto Stolpejakt på Atløy 100526
![]() |
| Ein god matbit etter stolpejakta |
![]() |
| Her er vi ved stolpen heilt i nord - fin utsikt til Alden |
![]() |
| Tiril kosar seg på dei flotte berga vest på Atløy... Kinn, Reksta, Skorpa og Store Batalden i synsranda. |
![]() |
| ...og dansar på ei flott bru eldsjeler har snikra - før dei tre bukkene Bruse kjem 😄 |
I dag reiste vi til Askvoll og tok ferja til Gjervik på Atløy. Vi det var Håvard & Tiril, Marie & Øyvind med Villemo og Tuva, Olaug og underteikna. Oppdrag - stolpejakt på Herland. Så vi køyrde ut på vestsida av øya og tok føre oss stolpane nordover langs kysten. Og som alltid før på Atløy var stien og merkinga heilt super. Blå gode merker som står tett. Ny plank utlagd over våte parti. Og heller somme stader. No har eg skrytt av merkinga, utlagde klopper og stein fleire gonger før på Atløy. Og nokre av dei finaste turane eg har hatt i kommunen har vore her ute. Sjå Creme de la Creme og ein TiTur link her. Merking er viktig - for som vi veit kjem havskodda veldig fort på ute ved kysten. Så det er ei stor sikkerheit at ein har utført så godt arbeid. På rein idealisme. Nok ein gong stor applaus til flinke eldsjeler👏
Elles må eg få nemne frå turen at småjentene til Marie og Øyvind var veldig flinke å gå. Dei gjekk omlag halve vegen nordover til Nordre Stølsvika der den siste svarte stolpen står. Det er nemleg eit stykke ut hit.Vi andre (sjå foto) heldt fram og fekk med oss alle stolpane før vi returnerte. Vi hadde oss elles ein god matpause sør om Herlandsvatnet. Her står det ein god benk og bord. I det fine vèret var dette kjempeflott!
Foto stolpejakt på Herland 010526
Arkivbilder frå Atløy 👇
| Skylefjellet er post på årets utgåve av TiTur Dalsfjorden - her er det flott utsikt til dei flotte Mangevatna Bildefilm Skylefjellet her |
| Frå Kalderasnipa er det flott utsikt til Askvoll fjella i vest Bildefilm Kalderasnipa(ene) her |
Både TiTur Dalsfjorden og Stolpejakta startar opp i kommunane Askvoll og Fjaler i helga. Askvoll kommune har lagt ut følgjande info på sine heimesider.
"Løypene på Stolpejakten er varierte og familievennlege – frå sentrumsnære turar til naturskjønne rundløyper. Stolpane er mellom anna plasserte i Kvammen, Stongfjorden, Askvoll, Holmedal, Rivedal, Atløy, Værlandet, Bulandet, Dale, Haugland og Ytre Fjaler".
God tur og God jakt!
| Via ruta frå Eidsfjorden til Kalderasnipa har ein fin utsikt til Askvoll |
| Kalderasnipa i midten sett frå søraust på veg til Dokka |
| Steiestølen frå ruta (Dyttinga) til Taket Frå Facebook sida til Titur Dalsfjorden kan ein lese følgjande: |
Bildefilm Kalderasnipene
Bildefilm Skylefjellet