![]() |
| Olaug ved grillhytta på Eina i dag |
![]() |
| Utsiktspunkt ved Hovden på Hellevika |
I dag gjekk siste turen for å fullføre stolpejakta i Askvoll og Fjaler for Olaug og meg. Til det siste kartet i Ytre Fjaler. Her besøkte vi Stroka området ute ved Lammetun der siste stolpen stod ved grillhytta i nord mot Einingsneset. Deretter Grytøyra, Grytøyråsen og Furset. Så Kjøsneset og Kjøsnesåsen. Til slutt opp på Hovden på Hellevika.
Askvoll har 4 område på årets utgåve av stolpejakta. Der Atløy har 43 stolpar, Kvammen, Stongfjorden og Askvoll 34, Rivedal, Holmedal 33 og Værlandet/Bulandet 30. Totalt 140.
Fjaler har 2 område. Der Straumsnes/Ytre Fjaler har 43 stolpar. Og Dale/Haugland har 23 stolpar. Totalt 66. Så då har vi fått scanna alle dei 206 stolpane i kommunane. Frå fjord til fjells, nokre lette postar andre meir krevjande. Artig er det å få sett stadig nye område. Og veldig kjekt å kunne gjere noko sosialt i lag.
Så no er TiTur Dalsfjorden i boks. Og fulførte kart på stolpejakta i Askvoll og Fjaler.
Som kanskje enkelte har fått med seg har vi gått ein god del stolpejakt i Indre Sogn, Skjolden, Hafslo, Luster, Veitastrond, Marifjøra etc. Framover blir slike utflykter meir som eit krydder når det passar seg slik. Sjølv vil eg gå meir på den vanlege fjelltrimmen i Askvoll no. Poenga i stolpejakta er eg ikkje så oppteken av.


Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar