![]() |
| Blide turfolk på Høgefjellet f.v. Håvard, Kristin, Olaug og underteikna I bakgrunnen ser vi Synste Stauren t.h. |
![]() |
| På veg opp dei bratte bakken |
![]() |
| Titt -titt - på toppen av Bjørnastigen (bratt opp nede t.v.) |
Shortsvèr, sol og vindstille på Høgefjellet i går kveld då Kristin, Håvard, Olaug og eg gjekk på Høgefjellet i Kvammen. Fjellet er post på årets utgåve av fjelltrimmen i Askvoll Idrettslag.
Vi køyrde inn i Rørvika og starta der i frå. Lenger oppe mot stølane tenkte eg vi skulle ta ein snarveg som eg brukte før då eg gjekk her mange gonger. Denne "stien" gjekk forbi Ålastølen og meir direkte opp dei bratte bakkane. Merkinga går elles via Løvikestølen, Nesskogstølen og Åsastølen opp til det bratte skaret på Bjørnastigen. Her heng det tau til å halde seg i for å kome seg opp. Vel - snarvegen eg nytta tidlegare var ikkje akkurat så mykje snarveg lenger.... For her hadde vel knapt gått folk sidan sist eg gjekk her. For fleire år sidan! Så den stien var ikkje aktuelt å gå ned igjen. Så tilvokse som her var av einer, gras og o.a.
I den varme og stille kvelden med sola midt i mot kravde det ein god del energi for å nå opp på den 689 meter høge toppen. Og det måtte fleire pustepausar til for "dei eldre" 😄. Men du verda kor flott det var på toppen. Heilt vindstille. Litt disig. Og nydeleg utsikt inn til Blægja, Rørviknipa og Synste Stauren i aust. Til Eitrenipa rett i sør, Fossedalshengenipa i sørvest. Og til havs i vest! I nordvest Gjelsvikefjellet. Og Førdefjorden i nordaust. Nydeleg! (Sjå fotolink).
Vi sat ei stund på toppen og fekk i oss litt goodies og drikke. Sosialisering og lått. Før turen gjekk ned igjen. Aust til Bjørnastigen og ned att den merka løypa som skissert ovanfor. Nydeleg sommarkveld i Kvammen 😃. Takk for turen!



Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar