torsdag 30. april 2020

Ingen app




I dag gjekk eg turen over Toreheia og Skylefjellet igjen. Returen langs Mangevatna. Ei fast rute eg brukar - som sikkert mange veit...😃
Overskya vèr med gløtt av sol, men kald austatrekk. Nei, det var ikkje særleg varmt der oppe. Og vasspyttane var frosne til i løpet av natta... Men trimturen fint i boks. 

Skylefjellet er post på TiTur Dalsfjorden frå 10.mai
Her med utsikt til dei flotte Mangevatna i dag.

Elles var det notert nye namn i begge bøkene sidan sist eg var oppom. Kjekt. Spesielt pÃ¥ Toreheia der heile namnerekkja mi no var broten...😎 Ekstra kjekt! (Kanskje reklamen min virkar - litt). Verre var det at boka var blitt vÃ¥t... SÃ¥ dÃ¥ fÃ¥r eg ta med meg opp ei ny. Toreheia er ikkje nokon "offentleg" trimpost med app registrering. For turfolk er det uansett kjekt Ã¥ skrive seg i ei bok. App eller ei. Smitte, og smittsomt med folk, er her uansett ikkje.... 

tirsdag 28. april 2020

Litt fisk og litt til

Ved Fismavatn i dag.
Smørkletten oppe t.v

Jamneheiane

Utsikt austover ved Fismavatn
Kalderasnipene og Dokka t.h.

Nordeide
Kalderasnipene og Dokka bak
Furefjellet og Høgeheia,
Staveneset og Underset


Askvoll

Høyvikneset og Kviteneset
Alden, Værlandet, Tvibyrgje og Raudøyna

Etter ein tur hjÃ¥ Askvoll Fysioterapi i dag tidleg, gjekk eg inn Askdalen til Fismavatn. Her gjekk eg rundt vatnet og drog meg 4 kjø til middag. Eg er mÃ¥tehalden sÃ¥leis. SÃ¥ gjekk eg opp bakkane til Jamneheiane for utsikta sin del. Det er ikkje sÃ¥ langt opp nÃ¥r du er komen fram til vatnet. SÃ¥ gjekk eg turen ned igjen, opp skaret i sør, og ein snur oppom Smørkletten (sjÃ¥ video). Etter nydeleg ver pÃ¥ morgonen, var det no drege over med skyer og litt vind. 

Fin tur i Askdalen. 


Foto Fismavatn Jamneheiane Smørkletten 280420



lørdag 25. april 2020

Nydeleg vårdag i Fossedalen

Nydeleg i Øvre Fossedal i dag

ds

I dag tidleg køyrde eg til Skorvemarka og gjekk første delen av DNT-ruta til Nipebu om Krokavatnet og til Fossedalshengenipa. Der i frÃ¥ via Svartetjerna og Grøndalen sør til Øvre og Nedre Fossedalen og til Otterstein (sjÃ¥ GPX-fil pÃ¥ kartet nederst). 

Det var ein nydeleg morgon. KnallblÃ¥ himmel. Og sol! Med nokre varmegrader i lufta. 

Første snøen lÃ¥g i hellingane over Krokavatnet. Vatnet er no forøvrig isfritt. Opp heile ryggen mot aust ligg det framleis snø. Her fÃ¥r no sola fort tak. Noko som i dag gjorde snøen delvis blaut. PÃ¥ vestsida mot toppen ligg det parti som er unnasols. Her var snøen knallhard etter ei frostnatt. Eg tok pÃ¥ broddane heilt nede i botnen av ryggen. Der ruta opp tek av frÃ¥ den merka ruta til Nipebu. Her lÃ¥g det òg knallhard snø i skuggen. 

Det er sjølvsagt litt tungt Ã¥ gÃ¥ bratt oppover i sigesnø. Men no er ikkje ryggen opp sÃ¥ veldig lang dÃ¥. Den er vel ca 300 hundre meter opp. SÃ¥ sveitten kom fort pÃ¥... 

Det var nydeleg på toppen (sjå video). Og nordavinden hadde framleis ikkje fått særleg tak så tidleg på dag. Langevatnet ved Nipebu framleis med is (sjå foto).


Det vårast ved Nipebu, men Langevatnet ligg framleis med is....






Eg sprang sÃ¥ ned igjen sigesnøen til botnen av ryggen. Gjekk sÃ¥ ned sør til Grøndalen og via Svartetjørna til kloppa pÃ¥ Krokavatnet. Det lÃ¥g delvis ròten snø, kombinert med hard i skuggane, men det gjekk helt fint Ã¥ ta seg ned til vatnet. Her i frÃ¥ og resten av vegen til Dalsfjorden er det snøfritt. 

Øvre Fossedal med dagens sefie

Eg sÃ¥g ikkje folk i Øvre, men alt sÃ¥g fint ut. Og sola skein frÃ¥ ein knallblÃ¥ himmel over den flotte Kringla. SÃ¥ tusla eg meg sørover langs vatnet i praktfull idyll. Vatnet spegla seg blÃ¥tt i blÃ¥tt. Vassenden var veldig fin i dag. Passe stor og skinande i sølv i sola. 


Nedre Fossedal i dag

I Nedre Fossedalen traff eg dei første turgåarane for dagen. Og der i frå til Otterstein var det reine folkestimen. Ja, eg traff folk overalt (eg nesten i feil "køyreretning"). Nesten berre ungdommar! Og ei jente i berre singletten stakk opp stien til Brendeheiknappen (det var då eg fann ut det var på tide å ta av meg gamasjane...). Men noko fotografering og sosialisering vart det ikkje til (du veit eg er ein eldre "gubbe"). Unnataket var då eg traff ein gamal kjenning frå Dale som eg ikkje hadde snakka med på 40 år! Hvis du les dette Kaj-Espen, så kom eg på etter at eg hadde snakka med deg, at vi piskatre har lege i telt i lag i Gunnhildvika ved Fossedalsvatnet ein gong i vår pure ungdom. Rart kva ein minnest i gamle fòtefar.... Eller i Fossedalen - i grøne far!

Tjoka fullt på parkeringsplassen på Otterstein i dag...

Herlig tur dette. Og ei nydeleg rute som fleire burde prøve. Og om du ikkje veit det er det fint å gå austsida av Krokavatnet òg. Om du har lyst å gå turen nord/sør frå Førdefjorden til Dalsfjorden ein gong. Eller omvendt.

Og så gjekk spaserturen min vidare over brua til Dale. Tid for skillingsbollar og kaffi på Allmuen. Før Peter kom og henta meg. Og Olaug på fruetur til Nipebu tok med bilen heim igjen frå Skorvemarka. Perfekt!


Panorama Dale

Foto:

Ruta Markavatnet/Fossedalshengenipa/Fossedalen/Otterstein 

torsdag 23. april 2020

"Dronninga" av Stongfjorden

Dagens selfie...😂

Stongfjorden

Panorama
Dokka, Moldura, Fanafjellet, Størdalsstauren, Høgeheia og Stongfjorden
 
Ved ruta via Skålefjellsvatnet
Ved andre elva



Foto Skålefjellet (Stongfjorden) 230420


I dag gjekk turen inn i Gjerdedalen og opp Brekka til SkÃ¥lefjellet. PÃ¥ starten av DNT-ruta frÃ¥ Stongfjorden til Nipebu. Det lÃ¥g ein del skodde pÃ¥ morgonen. Den rekna eg med ville lette. SÃ¥ eg utsette turen oppover eit par timar. 

SkÃ¥lefjellet lÃ¥g framleis i skodde dÃ¥ eg starta. Men etter Ã¥ ha kome eit lite stykke opp i Brekka, sÃ¥g eg det letta. Som tenkt. Det lÃ¥g ein del snø opp den bratte bakken ved hammaren pÃ¥ ruta opp ved første elva. Delvis skare og frose pÃ¥. Men over sjølve hammaren var det snøfritt. SÃ¥ det gjekk greitt. (Ofte er det urÃ¥d Ã¥ kome opp her om vinteren). I bakkane ovanfor var det delvis snø og avblesne fjellnakkar. Her hadde sola allereie laga slush av snøen, sÃ¥ i somme parti seig eg godt gjennom snøen. Ganske slitsomt nÃ¥r det er sÃ¥ bratt som her. SÃ¥ eg mÃ¥tte ta meg ein pust i bakken... Men opp over siste partiet var snøen framleis relativt fast (omlag ved første videoen og nedanfor). 

Perfekt pÃ¥ toppen. Skodda hadde letta heilt. Men den lÃ¥g framleis over Førdefjorden og ute pÃ¥ Stavenesodden. Og stod som ein vegg ute i havet. Disen i lufta gav sÃ¥leis ikkje heilt klÃ¥re bilder.... 

Etter Ã¥ ha knipsa nokre foto og ein video, ete ein kvikklunsj og skifte nokre sveittevÃ¥te klede, gjekk eg ned igjen den andre ruta via SkÃ¥lefjellsvatnet. Her var snøen godt blaut. Denne ruta knyter seg sÃ¥ pÃ¥ DNT-ruta i Mannskaret. Eg gjekk sÃ¥ ned igjen denne (sjÃ¥ kart under). Flott tur! 





onsdag 22. april 2020

Nydeleg opp ranen på Dokka

Holmedal og Straumsnes
Askvoll

Dalsfjorden
Dagens selfie
Nykshytta er ikkje lett å sjå når du kjem frå Dokka....
Flott bru over elva frå Nyksvatnet

Utløpet av Nyksvatnet

Vikastølen

Etter ein time hjÃ¥ fysioterapeuten i Askvoll i dag tidleg, køyrde eg inn til Holmedal i 9.30 tida for ein rundtur over Dokka. Kleda lÃ¥g klar i bilen... eg trur ikkje noko sÃ¥g meg i trusa ved vassverket... 😎 SÃ¥ ein fantastisk fin tur opp ranen i morgonsola. Holmedal og Straumsnes spegla seg i morgonsola. Dalsfjorden blank og flat som ei pannekake. Ja, eg kom pÃ¥ vÃ¥rversa eg skreiv til fjorden for nokre Ã¥r sidan. "Lukka av vÃ¥r" - Versa som ligg pÃ¥ den "sovande" diktbloggen min. 

Det låg litt snø øvst oppe på ranen. Her eg måtte snu i vinter. Då eg ikkje tok sjansen på å klatre opp og over den bratte hammaren her. Isete som det var. I dag var det derimot våt snø som låg her og såleis ingen problem med å ta seg opp.

Det var nydeleg pÃ¥ toppen. Vindstille. Og jakke fekk eg ikkje bruk for. Ja, som aprildag kunne det ikkje bli betre. Dokka har som vi veit fantastisk utsikt. Film her og her

Eg gjekk sÃ¥ ned bakkane mot nord til Nyksvatnet. Det lÃ¥g delvis litt blaut snø her òg. Eg var ikkje oppom Nykshytta, men gjekk direkte til vassverket igjen. For pÃ¥ programmet stÃ¥r òg ein tur til Dale for litt jobb hjÃ¥ mor mi pÃ¥ denne fantastiske dagen. 





tirsdag 21. april 2020

Fantastiske Atløyna - Creme de la Creme









Ja, eg måtte ut dit. I det strålande vèret. Havblikk mot ytste havet. Det funka perfekt. Som tenkt.

Ferja frÃ¥ Askvoll 08.15 - akkurat passe. 10 minutt med ferja til Gjervik. Det toler dei fleste. Og deretter 10 minutt køyring til Eide. Der startar ei av rutene til Skredvaren/Atløynipa/SkÃ¥lefjell. Der i frÃ¥ og opp pÃ¥ Skredvarden. PÃ¥ kjempegod sti. Deretter sør til Atløynipa. SÃ¥ ned  igjen i "krysset" der ruta frÃ¥ SkÃ¥lefjell møter den frÃ¥ Eide. 







I det nydelege vèret bestemte eg meg like godt for Ã¥ gÃ¥ nordvest til SkÃ¥lefjell òg. Og sÃ¥ ned til vegen aust for Brurastakken. Aberet var sjølvsagt at eg mÃ¥tte gÃ¥ heile vegen til Eide der bilen stod. Ikkje det. I det perfekte vèret var det jo ein flott tur det òg. Med havblikk og nydeleg utsikt til Alden og øyane sør om. 

Eg har skrytt av merkinga av turstiane pÃ¥ Atløyna tidlegare. Det er berre ein real fornøyelse Ã¥ gÃ¥ her ute. Flott varda og blÃ¥ merke Ã¥ gÃ¥ etter. Ja, det er bort i mot komplett umogeleg Ã¥ rote seg vekk. Og sjølv om eg ikkje har gÃ¥tt her i skodde, ser eg at merkinga er sÃ¥ tett at det funkar i dÃ¥rleg sikt òg. 

Utsikta er formidabel. FrÃ¥ alle tre toppane. Havet lÃ¥g blikkande stille vestover til Alden, Bulandet og Værlandet. Nordover til øyane i Florø like stilt. Inn Stongfjorden. Til Askvoll. Og sørover til Lammetun/Solund/Gulen. Og eg tenkte pÃ¥ den lange turen Agnar og eg gjekk inne i Haukedalen i haust der vi sÃ¥g godt ut til Atløynipa. I dag var det veldig gildt Ã¥ kunne sjÃ¥ inn att i Blegja, Storehesten og dei same fjella. I motsett retning. 

Elles fortel vel bilder og videoar sitt. Takk igjen til Atløyna. Du leverer. Perfekt. Med nydeleg terreng, merking og utsikt! Eit must for alle! 


GPX fila mi var smitta av koruna i dag...
(😃)


søndag 19. april 2020

Å vandre i eit måleri

Sillan og Tone på Blåfjellet i Grimelia i dag

Ved Yndestad i dag -
skiltet til Skylefjellet står utanfor høgre bildekant

Stongfjorden -
Yndestad nede til høgre

Ved Mangevatna i dag
(snart grønkast det)

Mangevatna frå Skylefjellet

Det er trimbok på Skylefjellet i dag -
registrering på TiTur-Dalsfjorden derimot vil skje via DNT sjekk ut appen
Opning 10.mai
På veg vestover til Blåfjellet -
Skylefjellet bak t.v.
Toreheia i det fjerne i midten bak
 
Austover langs Mangevatna
Det var i grunn litt rart i dag tidleg. Eg hadde nemleg tenkt meg avgarde Ã¥ merke opp igjen ruta til Skylefjellet dÃ¥ det tikka inn ei melding frÃ¥ broderen i Dale om det var snøfritt opp dit. Og det er det jo. Artig at vi tenkte pÃ¥ den same turen pÃ¥ likt. 

Som vanleg er det alltid mindre snø pÃ¥ fjellet pÃ¥ sørsida av fjorden enn pÃ¥ nordsida. Det har med fjord, havluft og solinnstrøyming Ã¥ gjere. SÃ¥ dÃ¥ vart det til at eg starta tidleg Ã¥ merke, for sÃ¥ etter ca tre timar treffe broder Sigvard og svigerinne Tone pÃ¥ toppen av Skylefjellet. Etter Ã¥ ha venta ein god halvtimes tid i den solvarme lyngen. Det var veldig kjekt. Og vi mÃ¥tte jo fline litt av samanlikninga av vèret sist Sigvard var med meg pÃ¥ tur her. For i dag var det praktfullt! Knall sol og vindstille! 


Eg ventar på Sillan og Tone







Etter at dei fekk seg ein liten pause, gjekk vi sÃ¥ turen ut om BlÃ¥fjellet i Grimelia òg. Dei hadde ikkje vore der før. Det er ikkje sÃ¥ langt. Som bonus fÃ¥r ein dÃ¥ oppleve den praktfulle turen inn igjen pÃ¥ sørsida av Mangevatna. Med Toreheia og Yndestadhøgeheia midt i mot. Og i sør SkÃ¥lefjellet og Moldura. PÃ¥ BlÃ¥fjellet hadde vi oss ein god matpause med skiver, kaffi, sjokolade, bananer etc. Drøsen gjekk der vi sat i den tørre lyngen. 


Ein god pause på Blåfjellet med øyane i Florø i bakgrunnen
Som eg tenkte meg lovpriste Sigvard og Tone omrÃ¥det. Dette med indrefilet er i grunn eit litt klisjeaktig utrykk. Men nordsida av Stongfjorden er i grunn "the best there is". Rett utanfor nòva... TurgÃ¥arar som aldri har vore her oppe før har mykje Ã¥ sjÃ¥ fram til nÃ¥r denne posten opnar 10.mai pÃ¥ TiTur-Dalsfjorden. Ã… gÃ¥ i dette omrÃ¥det for første gong mÃ¥ vere ein av dei flottaste turopplevingane denne sesongen. SÃ¥ god tur pÃ¥ Skylefjellet. Merka, klappa og klart. Start ved skiltet i Stavenesvegen pÃ¥ Yndestad i Stongfjorden.




Video eldre bilder Skylefjellet:




Video eldre bilder Krikavatna og Mangevatna: