torsdag 9. februar 2023
Fantastisk helsemessig tiltak
onsdag 8. februar 2023
TiTur med Rundtur i Askdalen
| Motiv frå Askdalen |
| ds Smørkletten/Steinheia i bakgrunnen |
Rundtur i Askdalen er også ein av turane som er bestemt arrangert på TiTur Dalsfjorden i år. Beskrivelse og kart på ut.no. Oppstart 1.mai.
Askdalen ligg som ein inngangsport sør/nord til mange flotte toppar som krinsar dalen. Vi kan nemne Blåfjellet, Siktanuten/Eggene, Hjartåsen, Steinheia/Smørkletten, Jamneheia, Kultingane og Fristadfjellet (alle bildefilmar med motiv frå Askdalen). Alle toppane har stiar og er merka. Rundt Askdalen kan ein med andre ord gjere turen så lang som ein vil. Den populære 7-fjellsturen går også rundt på toppane kvar vår.
Som første linken viser får du registrert deg på posten nede i dalen. I eiga bok eller på app når den tid kjem. Elles kan nemnast at det er god parkering ved vegen ovanfor kyrkja i Askvoll.
God tur når den tid kjem - eller gå han no for den del. Snøfritt som her er..... 😄
| Toppane nær sentrum i Askvoll er alle godt merke |
| Askdalen mot sør t.v. Kultingane og Fristadfjellet |
tirsdag 7. februar 2023
Ta med familen til Nykshytta
| Påskestemning på Nykshytta |
| Det ligg fleire turbøker på hytta |
| Fin utsikt til Dalsfjorden, Holmedal og Straumsnes |
Ein annan post på årets utgåve av TiTur Dalsfjorden, er Nykshytta i Holmedal. Oppstart 1.mai.
Beskrivelse og kart ligg på ut.no Det er god parkering ved vassverket. Turen hit er ein grei tur for liten og stor. Perfekt som familietur. Solvendt ligg hytta til mot sør. Flott utsikt til Dalsfjorden.
Rundt Nykshytta har vi elles mange fine fjell som ein kan nå på same turen. Mest kjende er Dokka og Moldura. Kombinasjonsturen via Hålandsstølen er anbefalt. Turen er elles fin å gå heile året, uavhengig av TiTur.
| Panorama: Utsikt frå ruta mellom Kalderasnipa/Dokka og Nykshytta |
søndag 5. februar 2023
TiTur til Straumsnes
| Foto: Med Agnar på tur Straumsnes rundt |
| Flott utsikt innover Dalsfjorden frå Arsteinheia Vi ser Heileberget med Driveknolten og Fløyen. Mot høgre m.a. Blegja, Laukelandshesten og Storehesten ...og Dalsfjordbrua. |
lørdag 4. februar 2023
På Taket (eller kor e åra blitt av...)
| Med Olaug og "berre ein hund" |
| Steiestølen- Storehesten i bakgrunnen |
| Myklebuststølen (2017) - på ruta til Taket |
Ja, så skal vi på Taket igjen. Ikkje her heime. Men på Steiestølen i Dale. Nok ein post på TiTur Dalsfjorden til våren. Tidlegare i veka har eg skrive om Yndestadhøgeheia, Fossedalsvatnet og Skålefjell som postar. I tillegg til desse, og Taket, vert det 6 andre postar på begge sider av fjorden. Dette vert spanande og kjekt. Og ikkje minst sosialt😄
Sidan eg flytta til hi sida av Dalsfjorden, og vel så det, så er det ikkje så mykje eg har gått på Taket. Faktisk er det TiTuren som har gjort til at eg har bevega meg i Steiestøls-traktene i det heile siste åra. (Synd og skam). Det har no mest blitt turar på nordsida av fjorden. Men i barne og ungdomsåra gjekk eg ein heil del i fjella på Steiestølen. Både sommar som vinter. Spesielt om sommaren då eg og Nils Chr. fiska "overalt".... Gjerne ei veke kvar sommar. Med overnatting i telt. Veldig kjekke minne! Ein broten ankel på slalåmski oppe i Seciliebotn, var ikkje fullt så kjekt. Og som ei mare nokre overnattingar på Høyanger sjukehus. Med 3 månader i gips opp i lysken! Vel, vel. Nok om det..... 😯
Taket ligg med GPS, turbeskrivelse og kart på ut.no så det treng vel ikkje takast att her. Men eg fekk eit lettare sjokk då eg såg bilda frå sist eg var her - i 2017.... Eg får avslutte med dagens klisje - kor e åra blitt av 😄
fredag 3. februar 2023
Hipp hurra for TiTur til Atløyna i sommar
| Motiv ved Skålefjell på Atløy |
Så blir det tur til Atløyna under TiTur i år òg. Så er sagt. Nærmare bestemt til Skålefjell. Herleg! Ja, for det er eit Skålefjell her òg. Som i Stongfjorden.
Eg har skrive fleire stykke der eg har skrytt av fjell og merking av turstiar på Atløyna. Her ligg det fleire linkar. Og her.
Elles ligg Skålefjell med kart og beskrivelse på ut.no Du kan frå høgda ved nedkøyringa til Herland. Det står skilt ved vegen. Eller du kan gå frå Eidet der det òg er skilta. Det finaste er sjølvsagt å gå opp den eine ruta og ned att den andre. Eineståande flotte begge rutene. Ytst her ute i havgapet. Og som sagt det er godt merka overalt. Applaus!
onsdag 1. februar 2023
Ryktebørsen går...
| Vassenden på Fossedalsvatnet. Øvre Fossedal t.v. Eitrenipa, Nordre og Søndre Kringla i bakgrunnen |
![]() |
| Turmål ikring Fossedalen Fossedalsvatnet midt i bildet. Foto frå Nonsholten på Heileberget. |
Det går handfaste rykter om at Fossedalsvatnet òg er eit av måla for TiTur Dalsfjorden i år. Oppstart er 1.mai. Som eg reklamerte for Yndestadhøgeheia i går, så er Fossedalen og Fossedalsvatnet eit fantastisk turmål òg. Takk til nemnda som har plukka ut desse postane. (Men hugs at sjølve tunet i Nedre Fossedal er privat).
Ruta til Fossedalsvatnet er vel kjend for dei fleste. Den går frå brufestet på Otterstein til Fossevikja og opp Kleivane og vidare forbi Elraki til Nedre Fossedal. Deretter opp bakken aust om Fossedalsfossen. Sjå kart.
Her ved vassenden er det flott utsikt nordover vatnet til Øvre Fossedal. Eitrenipa, Nordre og Søndre Kringla tronar i nordaust. Her er rikeleg med toppar å nå for den som vil det. Elles er det flott å bade frå dei fine svaberga ved utløpet av vatnet. Fisk er det i vatnet òg. Ja, dette er absolutt ein tur for liten og stor
Eg har laga mange biletfilmar frå Fossedalen og området ikring. Vi har elles ei eiga Facebook-side frå Fossedalen her det er samla mykje stoff.
Eg plukka ut nokre få bildefilmar frå Fossedalen og Fossedalsvatnet på linkane under.
Minne frå Fossedalen (fleire personar har gått ut av tida 💖)
tirsdag 31. januar 2023
Ein smakebit
Ein liten smakebit av ein topp på årets utgåve av TiTur Dalsfjorden kan vel ikkje skade.... (Det er jo alltid lekkasjar i Statsbudsjettet òg... )😉 Det går iallefall sterke rykte om at Yndestadhøgeheia (eller Yndestadheia) i Askvoll/Stongfjorden er ein av postane i år.
Toppen har egentleg to toppar. Det er den lettaste/kortaste på 552 moh som vil vere post. Som vi ser av kartet ligg desse toppane på fjellmassivet rett på nordsida av Stongfjorden. Utan å ta for mykje i kan eg vel seie at dette er "mi heimebane".
For dei som har vore med på TiTur Dalsfjorden og gått på Skylefjellet før. Så er starten på denne turen på same staden på Yndestad. Her det står skilt ved vegen. Du går så halve ruta mot Skylefjellet. Og tek av beint austover ved hytta ved Svartevatnet. Her det er skilta til Toreheia. I enden av dalen oppover, der det blir stigning, kan ein anten halde fram beint opp, eller gå stien til hytta ved Krikavatnet og ta ruta opp til høgre, Det er/blir merka begge deler, Og umogeleg å gå feil. (Hvis ikkje du vil gå på Toreheia først og ta returen om posten...😉). Over tregrensa her er terrenget veldig oversiktleg...
Det vil heilt sikkert kome nærare informasjon om årets TiTur. Men som eit insentiv sette eg i hop nokre bilder frå Yndestadhøgeheia ovanfor. (Årstidene kjem litt hulter til bulter...) Elles skal det jo bli spanande å sjå kva andre postar som dukkar opp etterkvart...😄
lørdag 28. januar 2023
Såg i sola
Jau, såg eg i sola i dag òg. På den vanlege turen frå Holevika til Høgeheia. Det var ikkje akkurat ventande. Med regn i lufta og dårlege meldingar. Men brått vart det nokre glimt. Vi får ta det vesle vi får. Fint både på torsdag og glimvis i dag òg- Ikkje så verst det...
torsdag 26. januar 2023
Mitt kjære Toreheia
| Stongfjorden frå Yndestadhøgeheia i dag |
| ds |
| Ut Stongfjorden frå Yndestadhøgeheia Yndestad nede t.v Størdal på hi sida av fjorden. |
