lørdag 10. oktober 2020

Sporty jenter

Utsikt frå Hekkelfjellet i dag - 
vi ser m.a. Blåfjellet, Dokka, Kalderasnipene, Moldura, Fagredalen og Fanafjellet. 
Mot Holmedal og Dalsfjorden midt i bildet.

I dag tidleg gjekk turen til Rivedal. Deretter opp kraftvegen og over dei blaute myrane mot nord. Eg ville opp på Smørskornova. Egentleg på utkikk etter nokre dyr som er på vidvanke. Etter gamalt går eg opp skårane på søraustsida av fjellet. Det er ganske bratt oppover når ein har passert myra, men såleis kjem ein seg fort opp. Frå Smørskornova er det flott utsikt mot Dalsfjorden, Rivedalsstølen, Straumsnes, fjell og dalar. Ja, i alle retningar. I dag hadde eg utstyrt meg med kikkert. Men ingen dyr var å sjå. 

Her ved kraftdemningen i Rivedal ser vi Smørskornova, Røyrbotnholten, Vardenova og Stølsfjellet

Det var blautt og tungt over myrane nord for Rivedal i dag.
Vi ser skodde over Flekkefjorden midt i bildet.

Eg gjekk så vidare ned på sørvestsida av Smørskornova, og kryssa vest for fjellet til utløpet av Langevatnet. Vidare opp på Hekkelfjellet på nordaustsida. Her oppe er det flott utsikt mellom anna til Skålefjellet, Svarthamrane, Siklebergvatna og vidare vest til Fagredalen. Moldura og Dokka. 

Utløpet av Langevatnet

Flott utsikt frå Hekkelfjellet - 
vi ser Dokka, Kalderasnipene, Moldura, Fanafjellet, Svarthamrane og Skålefjellet.
Siklebergvatna mot høgre (sjå elles fotoserie)

Vel, ingen dyr å sjå. Ikkje eit levandes liv! Sjølv i kikkert. Eg heldt så fram på sørsida av Hekkelfjellet, og kryssa ned i enden av Langevatnet i vest, og ned fjellet til Bogetjørna. Deretter opp austsida av Blåfjellet og Blåfjellssåta. Her åt eg meg eit par skiver i den solvarme bakken. Med utsikt til Dale og toppen av Bakkefjellet. Sola midt i mot. Vindstille. Og ikkje ein lyd. Fantastisk. 

Eg åt meg ei skive i den solvarme bakken - med utsikt til Dale og Bakkefjellet

Mot Rivedalsstølen og området der hadde eg tidlegare sett ned mot frå oppstigninga til Smørskornova. Men eg tok ein ekstra kikk frå austenden mot Medheiane. Så bort på toppen av Bakkefjellet. Måtte no skrive meg inn i boka ein siste gong. Posten her blir teken ned i morgon. Tok nokre bilder og "kvalte" eitt mot motlyset sidan sola skein så fint i Bakkevatnet. Og fekk såleis eit litt "kunstferdig" eitt av Straumsneset og Holmedal...


I dag passa det veldig fint med at Olaug og Marie var ein tur i Dale. Og såleis kunne ta med bilen min som stod i Rivedal ut att til vassverket i Holmedal då dei køyrde ut att. Kjekke jenter gitt. Då dette nettopp var i boks, traff eg på ei blid og sprudlande jente på veg opp bakkane. Så eg slo av ein god prat med Anita Osland Nilsen. Men i farten gløymde eg bilde til bloggen, så her får vi tru at det er greitt å hente fram eitt frå arkivet. Eg får håpe eg blir tilgjeven.... 😎 

arkivfoto frå Eitrenipa - 
Anita Rennestraum og Anita Osland Nilsen

For berre nokre minuttar lenger nede traff eg på Herdis Helle. Her kan vi vel takke facebook for gjenkjennelsen... Så vi kom i godt snakk der i bakken. Og som ein takk for praten måtte det bilde til. Då kom eg jo på at eg ikkje kunne gjere skil på jentene eg hadde møtt...😃 

Herdis Helle

Så turen fekk ein flott slutt. Med treff av sporty jenter. Men det eg egentleg såg etter, viste seg å vere ein heilt annan stad. Nærmare bestemt nesten heime...


GPS





torsdag 8. oktober 2020

Grått og frikst


Ein av dei "tre bukkene bruse" på ruta til Blåfjellet i Grimelia i dag...  

...her ein annan dag
- midt i bildet står dei "tre bukkene bruse"- Blåfjellet ute t.v.


I regnveret og skodda i dag tidleg gjekk eg ein tur på Blåfjellet i Grimelia. Fjelltrimpost frå søndag av. Med bra sti, og godt varda, var det ingen problem med å gå ut frå "krysset" der ruta skil lag med ruta til Skylefjellet. Standardruta er likevel frå Grimelia. Frikst fjellvèr kan eg vel seie. 


onsdag 7. oktober 2020

Flotte oktober

Nordgåande ekspress-båt i leia mot Florø

Ein liten båt køyrer forbi Staveneset frå nord

Ein liten båt tek av frå Staveneset

Selfie i dag på Furefjellet

I dag gjekk lufteturen frå Holevika til Høgeheia med returen vest til Furefjellet. Ei ganske lett og alright rute eg brukar no og då. Utan å ta meg ut. Turen tek 2-3 timar. Med nydeleg utsikt i alle himmelretningar. Og spesielt "motsols" som no... (Bilda blir jo litt deretter...😃) Litt vått. Men godt vèr. Opplett, vindstille og fin temperatur til å vere i oktober. Dette er ei fin rute eg anbefalar alle. Blir litt meir tur ut av det enn å gå rett opp og ned på Høgeheia....😎

Foto Høgeheia Furefjellet 071020 (mobil) 

tirsdag 6. oktober 2020

Fullt liv på Yndestad

Rundt omkring i Askvoll

Dokka og Ringstad frå Fristadfjellet
(alle foto mobil)

Eg måtte ei handlerunde til Askvoll i dag tidleg. Då tok eg med meg ein rundtur inne i Askdalen. Og sjekka mellom anna av den nye fjelltrimtoppen til AHIL inst inne i dalen. God sti og godt merka. Klar til 11. oktober for fjelltrimmarane.

Smørkletten ber sitt namn med rette.
Som ein "smørklatt" inst i Askdalen...😊

Utgang av Askdalen
Ved Prestelva

Det er flott utsikt ned igjen dalen til Askvoll. Og til dei fleste av dei andre fjella som omkrinsar sentrum og dalen. I nordaust ligg Jamneheiane, i søraust Kultingane og Fristadfjellet. I sørvest Hjartåsen, Eggene og Blåfjellet. Mot vest får du den klassiske utsikta mot Alden og Værlandet. Øyane i Florø ser du i nord i lag med Staveneset. Og ein får faktisk eit blikk heim att til underteikna på Yndestad i Stongfjorden. 

Eg tok returen via fjellpartiet i aust og var oppom Kultingane og Fristadfjellet. Det er fint å gå ned austsida av Smørkletten og over skaret mellom toppen av Askdalen og nedstigninga til Fismavatnet. For så å gå det slake og fine fjellet sørover til dei nemnde toppane. Her er god sti heile vegen. Noko som elles er tilfelle med alle dei andre fjelltoppane rundt sentrum. Alle toppane er skissert i ein 7-fjellstur på ut.no. 



mandag 5. oktober 2020

Markahengenipa - ny fjelltrimtopp frå 11.oktober (3)

Skorvemarka og Markavatnet med gardane Skjerlia, Mandelia og Hatlelia.
Bakerst ser vi øyane i Florø og Førdefjorden

No unngår ein at folk som skal på Nipebu går på Fossedalshengenipa - eller omvendt

Her tek stien til fjelltrimposten på Markahengenipa av frå DNT-ruta til Nipebu 
 
Fin utsikt til Eitrenipa frå det slake fjellpartiet nordvestover til toppen
(alle foto mobil)

Då var eg opp igjen på Markahengenipa i dag òg. Godt lasta! Fekk på plass skilta ovanfor. Toppskiltet sette eg opp i går. Som eg har nemnt før er ruta del av stiprosjektet til Kystarven. I år del av fjelltrimmen til AHIL. Det er ein forholdsvis enkel og grei tur opp hit frå parkeringsplassen ved Markavatnet. (Sjå del 1 og del 2)

Del 1 her

Del 2 her 


 

søndag 4. oktober 2020

Markahengenipa - ny fjelltrimtopp frå 11.oktober (2)

Fleire vil gjere seg kjende med desse steinane denne fjelltrim-sesongen


På Markahengenipa får du nærkontakt med fleire nipe-ryggar...
mellom anna Nordre og Søndre Kringla og Fossedalshengenipa

Det er nydeleg utsikt til Skorvemarka frå Markahengenipa
(ser du nøye etter så ser du òg vindturbinane nord for Flørø)

...og det fantastiske fjellområdet vestover (panorama)
m.a. mot Nipebutraktene og Stordalen

Tilbake til han som ser etter sola...😄

I dag gjekk turen til Markahengenipa. Turstart frå Skorvemarka og vidare opp DNT-ruta til Nipebu. Ein tek av frå denne ruta rett nord for Fossedalshengenipa, og går ut ryggen på nordvestsida. Det vil kome opp nytt skilt her du tek av i løpet av neste veke. 

Som før nemnt er Markahengenipa ny post på fjelltrimmen til AHIL for 2020/2021. Første registreringane kan gjerast 11.oktober. I dag tok eg med  nytt toppskilt slik at ingen kan vere i tvil om kvar ein er....😃 Fjellet er frå før ein topp i Kystarven. Turen er òg skissert i ut.no Det er ein fin og grei tur på ein god times tid frå parkeringsplassen ved Markavatnet. 

Det bles like godt i dag som i går. I tillegg var det overskya. Men god temperatur. Flott tur i flott haustlandskap.

Foto Markahengenipa 041020

Del 1 her

lørdag 3. oktober 2020

Holmedal Rivedal Stongfjorden

Soloppgang over Dalsfjorden i dag

I dag gjekk eg runda Bakkefjellet, Medheiane, Smørskornova, Svarthamrane, Skålefjellet med start ved vassverket i Holmedal og enda opp heime i Stongfjorden (sjå gps-bilde). Og i dag såg eg etter både storfe og sauer. På heile denne ruta og på toppane er det jo god utsikt til både dalar og søkk. I tillegg hadde eg med kikkert.  Eg såg to personar på Hekkelfjellet. Dessutan  folk ved tilsynshytta i Svelia (veir og storfe-beite). På nordsida av Smørskornova er det god sikt ned dit. Men nok ein gong måtte eg konstatere at resultatet av dyr vart magert. Ikkje eit dyr å sjå. Og fugl? Berre nokre få heipipiplerker som hadde utsett trekket. 

Soloppgang over Straumsnes og Holmedal i dag

Turen starta som sagt i Holmedal. Eller meir presist i Stongfjorden. Tidleg morgonstund. Avgang før kl 08 frå Vassverket. Før soloppgang. For Olaug måtte nok ein gong på jobb... (Utan å utdjupe det noko meir). Så ho skyssa meg inn til Holmedal i same rennet. 

På veg opp på Bakkefjellet tok morgonbrisen ein del. Det er elles skugge her oppe på vestsida om morgonen. Flott lys over Dokka og Moldura då sola stod opp. Og oppe ved toppen fekk eg den gode stimulansen det er av soloppgang over Dalsfjorden....

Dokka og Moldura i dagens første solstrålar

Etter å ha teke nokre bilder gjekk så turen vidare austover. I dag kutta eg ut Blåfjellssåta og Blåfjellet og tok ruta rett inn over Medheiane. Nesten komen inn under Smørskornova ser eg to personar rett aust for toppen av Hekkelfjellet. Reknar vel med at dette var rypejegerar som òg hadde starta tidleg. 

Langevatnet og Hekkelfjellet, Moldura bak t.v.

Etter å ha teke nokre bilder på toppen av Smørskornova gjekk eg så først vestsida og ned på nordsida for å sjå etter dyr. Men i det haustbrune landskapet var det som sagt ingen ting å sjå. Verken mot sør, nord, vest eller aust for den del. 

Eg tok meg nokre slurkar saft ved utløpet av Langevatnet. Ein plass eg alltid stoppar litt. Fantastisk flott akkurat her som DNT-løypa frå Stongfjorden til Nipebu går. 

Ved utløpet av Langevatnet passerer DNT-løypa frå Stongfjorden til Nipebu

Eg følgde så den merka ruta nokre hundre meter til nordsida av Hekkelfjellet. Kryssa så stien frå Svelia til Siklebergvatna og heldt fram opp bakkane mot Svarthamrane. Sola varma, men viden bles. Nok ein slik dag med av og på klede. Og av og på med hue. Toppa så ut Svarthamrane. Fin utsikt til Stongfjorden og Holmedal samstundes. Og til Dokka og Moldura rett i vest. 

Deretter gjekk turen nordover på deler av den merka ruta frå Holmedal til Skålefjellet. Ja, merka og vardane står framleis bra etter forrige gong fjellet stod på fjelltrim-programmet. 

På Svarthamrane i dag. Skålefjellet i bakgrunnen. 

På toppen av Skålefjellet bles det òg friskt. Men eg fekk teke opp ein video bak ein stein. Vindsus er alltid eit problem. På Skålefjellet er det som vi veit flott utsikt til Stongfjorden. 


Eg fann meg ein litt lun plass nede i bakkane på vestsida av fjellet og åt meg eit par skiver og drakk litt saft. Deretter ned den vanlege ruta via Brekka og Gjerdedalen til sentrum og heim igjen. 

Kjempeflott tur. Sjå foto og video.



GPX - Bakkefjellet, Medheiane, Smørskornova, Svarthamrane, Skålefjellet 031020

torsdag 1. oktober 2020

Dugnadsånda lever

John og Agnar Lien med nytt toppskilt til Kalderasnipa
(og ja, det bles....😅)

I dag gjekk eg den flotte ruta frå Eidsfjorden til Kalderasnipene og Dokka. Kalderasnipene er som kjent ny fjelltrimpost for AHIL (Askvoll og Holmedal Idrettslag) sitt fjelltrimprogram frå 11. oktober. Etter å ha vore på Dokka, og kome tilbake til toppen for andre gong, traff eg to stk Lien karar. John og Agnar hadde gått opp ruta frå Nyksvatnet. Dei hadde med nytt toppskilt til posten. Super dugnadsånd!

Ruta frå Eidsfjorden kjem opp i venstre kant ved vatna.
Kalderasnipa (N) i midten og Moldura t.h. bak

Sjølv har eg alltid likt å gå ei rute til Kalderasnipene frå Eidsfjorden. Då slepp eg å køyre til Holmedal. Og så er det nydeleg utsikt til Fisma, Askvoll og til Mjåseth på denne ruta. Litt oppe i bakkane får du også auge på øyane i Florø. Og Alden og Atløyna. Lammetun og Lutelandet.... Så dukkar den flotte Eidselva og Eidsvatnet opp. Likeeins Moldura og Langeberga. Og på toppen ser du alle dei kjende fjella i aust. Elles flott utsikt til fjella rundt sjølve sentrum av Askvoll i vest. Sjå fotoserien. 

Utsikt mot aust frå Kalderasnipa (S) i dag

Eidselva

Det er god stigning opp frå Eidsfjorden til å begynne med. Så her får du kroppen godt i gong. Premien ventar over den første litt lange og bratte bakken. Og som vi veit "Ein kjem ikkje paa Fjellet med ein flat Veg" eller "Den som gjeng Fjellet, kann og fo ganga Bakken".😊 

Bildefilm frå Kalderasnipene

I dag bles det ganske friskt frå søraust på toppane, så video var ikkje muleg med mitt utstyr (blir berre skraping). Men med skiftande lys, skyer og sol i tillegg til dei flotte haustfargane, vart det til tider reine lysshowet. 

Frå Dokka i dag.
Holmedalsstølane i fint lys

Stien på denne ruta er ikkje merka, men retningen seier seg sjølv. Likeeins toppane. Elles er her mykje saue- og hjortetrakk oppover. Eidsfjorden, Kalderasnipene, Dokka er absolutt ein tur eg vil anbefale. 

Her er ruta som eg teikna inn på eit tidlegare blogginnlegg
(Dokka t.h. for markeringa) 

Foto Eidsfjorden Kalderasnipene Dokka 1.10.20

GPS - Eidsfjorden Kalderasnipene Dokka 1.10.20

 

onsdag 30. september 2020

Nye programpostar

Sol og skugge - skyer kjem opp frå sør av Moldura

Panorama mot søraust og sør frå Blåfjellet i Grimelia.
Ruta frå Yndestad går over ranane t.v.

Panorama frå ruta mot nordvest og nord.
Ruta går ut t.v. ved Mangevatna. Vi ser att ranane frå aust.
Skylefjellet og Toreheia mot høgre

I går silregna det. Skodda hang i fjorden. Så då vart det ingen fjelltur. Men det gjorde seg med ein times rask gange inn Solsidevegen og asfalten heim igjen. Det er no greitt nok det. Til kvardags. Det viktigaste er å kome seg ut. Uansett vèr og vind. Ein treng nødvendigvis ikkje gå på dei høgaste toppane når ein ikkje ser handa føre deg.... 

I dag vart det tur til Førde. Service, olje- og dekkskift på Rav`en. Fint å få ein tur innom dekkhotellet då vi skal austover om 14 dagar. 

Heime igjen vart vèret så bra at eg tok meg ei runde på Blåfjellet i Grimelia. Den nye trimposten til AHIL frå 11. oktober. Deretter gjekk eg aust til Skylefjellet. Sistnemnde som går ut som post på TiTur Dalsfjorden 2020 i morgon. Litt søraust vind der oppe. Og så forsvann sola i eit tjukt skylag som dreiv opp frå sør. 

Det er veldig kjekt at så mange har gått turen på Skylefjellet i år. Eg har ikkje talet. Men det er ikkje reint få. Eg gler med til dei ansvarlege har fått talt opp. Minst like kjekt er alt skrytet av dette unike naturområdet.