| Utsikt frå Hekkelfjellet i dag - vi ser m.a. Blåfjellet, Dokka, Kalderasnipene, Moldura, Fagredalen og Fanafjellet. Mot Holmedal og Dalsfjorden midt i bildet. |
| Her ved kraftdemningen i Rivedal ser vi Smørskornova, Røyrbotnholten, Vardenova og Stølsfjellet |
| Det var blautt og tungt over myrane nord for Rivedal i dag. Vi ser skodde over Flekkefjorden midt i bildet. |
| Utløpet av Langevatnet |
| Flott utsikt frå Hekkelfjellet - vi ser Dokka, Kalderasnipene, Moldura, Fanafjellet, Svarthamrane og Skålefjellet. Siklebergvatna mot høgre (sjå elles fotoserie) |
Vel, ingen dyr å sjå. Ikkje eit levandes liv! Sjølv i kikkert. Eg heldt så fram på sørsida av Hekkelfjellet, og kryssa ned i enden av Langevatnet i vest, og ned fjellet til Bogetjørna. Deretter opp austsida av Blåfjellet og Blåfjellssåta. Her åt eg meg eit par skiver i den solvarme bakken. Med utsikt til Dale og toppen av Bakkefjellet. Sola midt i mot. Vindstille. Og ikkje ein lyd. Fantastisk.
| Eg åt meg ei skive i den solvarme bakken - med utsikt til Dale og Bakkefjellet |



