søndag 1. desember 2019

Utegangarliv 2

Utegangarane på Stavenesodden

Askrova ute i nordvest

Den norske hesten står der ute....

Vinterleg på Høgeheia i dag
Det er sjeldan det ligg noko særleg med snø på Høgeheia. Salt havluft og mildvèr tek snøen ganske fort. I dag låg det vel ca 15 centimeter oppe ved toppen. Men på Staveneset var det snøfritt. Elles var det både regn og sludd i lufta, men lite vind. 

Eg gjekk på utegangarane igjen i dag. På høgda nede mot Holevik sida. Sauene er mykje tamare no enn om sommaren. Då fyk dei av garde som hjorten. Men på denne tid sparer dei nok på energien og feittlaga. Så eg stressa dei ikkje. Nok ein fin trimtur i boks ...😃

Ingen kommentarer: