mandag 2. desember 2019

Vinter i Askvoll

Blåfjellet i dag

Desembersol over Presteelva
Ja, så var det den dagen igjen der Olaug gløymde mobilen heime. Då er jo første oppdraget for dagen klart. Køyretur til Askvoll og ein tur oppom legekontoret. I same slengen er det visst blitt ein liten vane å gå oppom fjelltrimposten på Blåfjellet òg. Så får eg noko vetigt ut av turen. Det er iallefall det eg seier til meg sjølv. For kor vetigt det er å springe opp og ned på desse fjella kan det sikkert vere delte meiningar om. 

Det ligg ein del snø der oppe no. Spesielt oppe på toppen. Nokre av fonnene var ganske djupe. Andre plassar var det avblese. Flotte forhold iallefall. Vèret var veldig skiftande med ei solid snøbyge opp under toppen. Men no kjem visst mildvèret, så då reiser nok snøen att. Litt synd. Det blir no litt lysare dagar og kveldar når ein har eit lite lag snø på bakken. 


Ingen kommentarer: