lørdag 7. desember 2019

Pd.d.broder Øystein

Øystein Olav har disputert for sin pd.d. grad i Oslo i går


Det vart ei minnerik oppleving då Øystein Olav, yngste bror min, disputerte for sin ph.d. grad på det psykologiske fakultetet i Oslo i går. Deler av familien vart med på tilstellinga. Også andre interesserte sat i salen.

Eg må ærleg innrømme at eg kom til kort i alle irrgangane dette omhandla. Alt føregjekk på engelsk. Men med mykje spesialord. Den eine kvinnlege sensoren var amerikansk, dei andre snakka berre engelsk òg. No er eg bra kyndig i engelsk, det er ikkje det, men å kople språket til dette spesialfeltet var for underteikna ikkje heilt lett. Noko skjønte eg då...😃

Avhandlinga til Øystein Olav er å få fatt i. Den står berre på engelsk. Og som sagt det faglege har eg ingen forutsetning for å kommentere. 

Veldig kjekt å få møte deler av familien min slik i Oslo. Ikkje minst yngste syster mi Bergljot og Torgeir som bur på Vinstra. Også gjevande å treffe nokre i Caroline sin familie. Vi hadde oss eit måltid i lag på Oslo S før vi skildest. Mamma, Mildrid og eg tok siste fly heim igjen til Bringeland. Ein flott dag. 

Mildrid, mamma, Øystein Olav, meg og Bergljot
Foto Iren Kleiven


Ingen kommentarer: