tirsdag 3. desember 2019

Rhodos i juni

Atrium Platinum
Då har vi bestemt oss for å dra tilbake til Rhodos i juni. Nærare bestemt Ixia/Lalyssos. Eit område vi har besøkt fleire gonger før. Dette er på nordvestsida. Vi har òg budd på austsida i Faliraki. Elles er Symi og Lindos kjære og kjende plassar (sjå videoar under "Foreign" i høgremenyen). 

Vi fall litt for spaserturen langs stranda frå Ixia til Rhodos by i fjor haust. Også fotturen over øya til Faliraki, vandringa over Akropolis til byen, og sjølvsagt gamlebyen, gjer at vi har lyst tilbake. Denne gongen litt tidleg på sommaren som i 2017. Til sommaren står også øya Chalki på programmet. 

I mørketida synest eg alltid det er godt å ha noko kjekt, lyst og varmt å sjå fram til. Så sjølv om eg er ganske Kreta frelst, er det fint å byte på det òg. Det blir jo ein lang haust neste år når sommarturen går tidleg. Månader med sol og sommar endå der nede...

Ingen kommentarer: