søndag 12. oktober 2025

Praktfulle Skylefjellet

Skylefjellet i dag

Ved Mangevatna

Øyriket ved Florøkanten med Svanøy fremst

Etter at helgebesøket var reist, gjekk Olaug og eg den kortreiste turen frå dørgotta heime til Skylefjellet. Det er like fantastisk å kome opp på høgda ved Mangevatna kvar gong. Og gå den slake siste biten til toppen. Utsikta og roa som ein får her oppe er heilt unik. Og spesielt på ein nydeleg oktoberdag. Ja, det er nesten noko religiøst over synet - om eg får lov å bruke det utrykket. 

Frå toppen er det òg nydeleg utsikt til Florøkanten og øyriket vest i havet. Og til Sunnfjords perle - Svanøy. Også innatt Førdefjorden. I aust troner Toreheia og dei flotte Krikavatna som ligg rett vest om. I sør ser vi Skålefjellet og Moldura. Mellom anna. Ja, det er praktfullt her oppe. Og ein tur alle kan gå. 

Vi sat ei stund på toppen og naut utsikta før vi tusla ned att same vegen og heim. Og avslutta med eit bad i fjorden til 13 grader. Nydeleg!

fredag 10. oktober 2025

Turfolk



To av mange turar på Blegja (her med folk 😎)

 

For ein del år sidan laga eg fleire seriar bilder med turfolk som eg har vore på tur samand med. Frå ut på totusen talet. Seriane er sjølvsagt ikkje uttømmande. Med helga som står for døra, og elendige vèrmeldingar til søndag, så publiserer eg eit par smakebitar opp igjen i dag. 

God helg! 

tirsdag 7. oktober 2025

Kultingane

Askvoll sett frå Kultingane

Kultingane med flott utsikt mot Solund og til Askvoll, Atløy og Blåfjellet

Fin utsikt mot vest frå Kultingane.
Vi ser m.a. Atløynipa, Blåfjellet, Eggene, Hjartåsen, Steinheia og mot Jamneheiane (utanfor bildekanten t.h.)

Kultingane er den siste toppen på årets utgåve av fjelltrimmen til Askvoll idrettslag som eg har lagt ut her. Oppstart 12.oktober. 

Kultingane er ein ganske enkel post. Og den som ligg nærast Askvoll sentrum. Den kan nåast frå fleire kantar. Vanlegast er likevel å parkere ovanfor kyrkja på god parkeringsplass. Her i frå føl ein skiltinga inn Askdalen mot Fristadfjellet. Kultingane ligg så rett nord for Fristadfjellet. I siste bakken opp hit tek ein av stien til Fristadfjellet og går merka sti til venstre til toppen. Lett å finne. Ut.no her.  

Sjølv har eg gått ein del opp skaret i nordenden på Kyllaren. Og såleis kome opp frå aust. Det går fint, men er ikkje merka.   

Som frå dei andre sentrumsnære toppane kring Askvoll sentrum er det flott utsikt. Mot vest ser vi m.a. Atløynipa, Blåfjellet, Eggene, Hjartåsen, Steinheia. I nord ligg Jamneheiane. Mot aust ser vi til Ringstad, Dokka, Moldura og inn Dalsfjorden. Sjå fotoseriar.


Nokre foto frå Kultingane:

her og her


søndag 5. oktober 2025

Morgon på Ytrevågefjellet

Dagens selfier

Flott morgontur på Ytrevågefjellet i dag. Medan sola endå skein. Litt tilvokse med gras, einer og grankvistar på det nederste partiet opp frå gruvene i Vågane. 

På veg oppover er det nydeleg utsikt til Osland, Vågane og Flokeneset. Så dukkar Florø opp. Med øyriket vest i havet. Og Guleslettene med vindturbinane. Spegla seg i morgonsola frå sør. I aust dukkar perlerada av dei flottaste fjella i kommunen opp. Blegja, Eitrenipa, Fossedalshengenipa, N. & S.Kringla. Og framfor dei Portafjellet og Indrevågefjellet. I sør ser vi Vardenova, Røyrbotnholten, Skålefjellet og Moldura. Skikkeleg fin panoramautsikt med andre ord. 

Og Guleslettene med vindturbinane. Spegla seg i morgonsola frå sør. 

I aust dukkar perlerada av dei flottaste fjella i kommunen opp. Blegja, Eitrenipa, Fossedalshengenipa, N.& S.Kringla. Og framfor dei Portafjellet og Indrevågefjellet.

På toppen var det endå sol då vi nådde opp. Rett nok med ein frisk haustrekk. Men langt frå korleis det var hin dagen. Så fort skiftar vèret. Vi sat litt på toppen, Olaug og eg, før vi gjekk ned igjen. Sauer som vi elles såg etter var det ingen av.... Flott tur! 

Foto Ytrevågefjellet 051025



fredag 3. oktober 2025

Høgefjellet, Kvammen

Det er fantastisk utsikt mot vest frå Høgefjellet

Haust på Høgefjellet - vi ser Gjelsvikefjellet t.v. og Håsteinen med snø på t.h.

Høgefjellet i Kvammen på 683 moh er til liks med Moldura, Ytrevågefjellet, Røyrbotnholten og Kultingane ny post på fjelltrimmen for sesongen 2026. Med oppstart 12.oktober. 

Fjellet er lettast tilgjengeleg ved å gå frå Rørvika eller Løvika. Frå Rørvika går stien oppom husa her. Frå Løvika ved innhegninga for sauer ved nedkøyringa av bakken. Ein kan så følge stiane her i frå og til Åsastølen og vidare opp bakken. Så finn ein Bjønnastien i skaret rett oppe i sør. Her er det tau å halde seg i for å kome seg opp. Ein må pårekne litt klyving. Så går ein vidare vestover høgdedraget til toppen.

Det er tau opp Bjønnastien...
 

Sjølv har eg gått fleire gonger frå Rørvika til Blegja og vest til Høgefjellet. Sjå foto mellom anna her, her og her. Og då anten via Synste Stauren eller nede frå Nipevatnet. Vidare vest mellom Tobbedalsvatnet og Blåvatnet. Rundar så Kringlefjellet. Deretter høgda nord for Bjørnastigvatnet og vest til toppen. Sjå kart her. Retur til Rørvika igjen. Ei veldig flott runde dette. 

Det er eit fantastisk flott skue frå Høgefjellet i Kvammen. Nydeleg utsikt ned til Kvammen, inn og ut Førdefjorden, vest til Gjelsvikefjellet og havet og øyane her. I sør ligg Eitrenipa. Nedom i sør også Bjørnastigvatnet. Og i aust tronar Rørvikenipa, Blegja, Synste Stauren og Blåegga. Suverent med andre ord. Absolutt å anbefale 😊

God tur!🏃



torsdag 2. oktober 2025

Røyrbotnholten

Fjella vi ser frå Røyrbotnholten mot nord og aust er:
Skålefjellet, Toreheia, Ytrevågefjellet, Indrevågefjellet og Vardenova. 
Vi ser elles Svelivatnet (Svædvatnet) frå venstre og Nyksvatnet t.h. 

Røyrbotnholten i Rivedal er også ny post på fjelltrimmen for sesongen 2026. Med oppstart 12.oktober. Fjellet er nok ikkje blant dei mest kjende og besøkte i Askvoll. Men likevel eit godt turmål med flott utsikt mot Dalsfjorden og Rivedal. Sjå elles foto og beskrivelse mot nord og aust. 

Fjellet er lettast tilgjengeleg frå Rivedal. Frå parkeringsplassen ved kraftverket går ein opp kraftvegen mot nord. Passerer demningen på toppen av vegen og går myrane nordover vest av Lisetstølen. Så opp bakkane der ein kryssar den T-merka stien som går austover til Nipebu. Deretter føl ein merka opp til den 607 moh høge toppen. Turen ligg inne på ut.no. Kart.

Sjølv har eg gått ein del via Osland og Svelia. Her kan ein kan gå opp skaret i enden av Svelivatnet i sør. Og gå opp frå nord. Eller følge austsida av vatnet og kome opp rett på vestsida av Vardenova. Dette frå aust. Desse rutene er ikkje merka og medfører litt klyving. 

Vedlagt ligg ein stillbilde-serie på YouTube som eg har teke (hugs lyd). Serien er også med ein del vinterbilder då toppen er fin å gå på heile året. 

God tur!

tirsdag 30. september 2025

Oktober i bilder

Brått er oktober her òg. Her med arkivbilder. 

I oktober blir det lagt ut nye fjelltrimpostar. Ei flott tid i fjellet om vèret lagar seg. Crossed fingers 😊

torsdag 25. september 2025

Nydelege fjellområdet på nordsida av Stongfjorden

Dagens selfie

Stongfjorden

Yndestad - heim igjen til det raude....😀

I dag tidleg tok eg meg ei runde på fjellet her heime. Opp til Rinda og vidare oppover og nord til Skylefjellet. Det var ein kjøleg morgon, men opplett og fint. Litt meir trekk oppe på "platået". Litt av misjonen på turen var å sjå om her gjekk sauer igjen her ute - vest om Toreheia. Sidan Ytrevågefjellet litt lenger aust er fjelltrimpost frå 12. oktober, blir det meir anledning å gå opp hit frå Vågane seinare. 

Vel, eg kom meg greitt opp på Skylefjellet. Rett nok litt vått og gjørme ovanfor Rinda. Det skal vel noko til at det tørkar opp igjen no.... Her var ingen ting å sjå av sauer. Men det gjekk ein heil del storfe vest om Svartevatnet. 

Storfe vest av Svartevatnet - Høgeheia i bakgrunnen t.v.

Eg gjekk så vidare austover og opp bakkane mot Toreheia. Bra pust opp her...! Her var ingen kvite dottar å sjå her heller. Alt eg såg var ein forvirra enkeltbekkasin som skvatt opp framfor føtene mine. No bles det litt her oppe. Så skivene eg hadde smurt meg åt eg i lè rett sør om toppen i ein grasbakke. Nydeleg!

Så gjekk turen vidare vestover Yndestadhøgeheia (3 toppar). Her er det nydeleg utsikt til Stongfjorden og heim igjen (sjå foto). På heile turen sette eg opp att det eg fann av merkepinnar,  etter at vind og sauer har skubba dei ned. Så litt betre merking no. Ikkje at det treng noko særlig merking i godt vèr her oppe. Det er fantastisk utsikt til å gå i alle retningar. Men som vi veit sig havskodda utruleg fort på... 

mandag 22. september 2025

Ytrevågefjellet - turtips

Vi ser i vest Alden, Toreheia og øyriket i Florø frå Ytrevågefjellet


Ytrevågefjellet er som tidlegare nemnt også ny post på fjelltrimprogrammet til Askvoll Idrettslag for sesongen 2026. Oppstart er 12.oktober då ny bok vil vere på plass.

Underteikna har gått ein god del på Ytrevågefjellet opp gjennom åra. Med sine 662 moh er fjellet eit relativt lett fjell å gå på heile året. Frå toppen er det flott utsikt. Mot vest finn ein Alden, Toreheia og øyriket i Florø. I nord ligg Florø, Førdefjorden og bygdelaga innover mot Vevring. Mot aust er det fantastisk utsikt til mange av dei flottaste fjella i Askvoll. Mellom anna Blegja, Eitrenipa, Fossedalshengenipa, Nordre og Søndre Kringla og mange fleire. Nærast ligg Indrevågefjellet, Middagsnipa og Portafjellet. Elles er det veldig flott utsikt til Vågane og Flokeneset. I sør tronar Vardenova, Skålefjellet og Osland. Med andre ord suveren utsikt i alle himmelretningar (sjå video av stillbilder under. Hugs lyd og beste oppløysing). 

Mange av dei flottaste fjella i Askvoll er å sjå frå Ytrevågefjellet.
Her morgonstemning i november. 

Beste ruta opp er å gå frå den gamle kopargruva i Vågane ved FV 609. Stien ligg på ut.no her.  Sjølv brukar eg å parkere ut for vegen på ei stor grasflate ca 50 meter ovanfor der ein startar ved gruva (ikkje parkèr på vegstubben ved gruva)! Elles står det nokre småvardar opp gjennom bakkane. Retningen opp seier seg sjølv.

God tur 😃! 

torsdag 18. september 2025

Moldura - turtips

Mange kjende fjell i Askvoll ligg på nordsida av Dalsfjorden - 
her med utsikt frå Moldura


Turtips: I dag er vi på Moldura. Eitt av fjella underteikna har gått mest på.... Høgste fjellet vest i kommunen med sine 837 moh. 

Det er fleire ruter opp. Den vanlegaste er frå parkeringsplassen ved vassverket i Holmedal. Her står det skilt. Ein går opp den vanlege vegen til dagsturhytta. Vidare langs merka sti opp ura. Ein kan også gå om sendaren som står lenger vest. Delvis merke. 

Ei anna rute er å gå frå Størdal og opp Størdalen. Og ein kjem opp på vestsida av fjellet. På same staden som om sendaren. Det er også flott å kome aust i frå og via Fanafjellet og opp nordsida. Eller via Hålandsstølen/Tveitstølen og Fagredalen. Også i nord. Ruta underteikna har gått mest er nok frå Neset i Stongfjorden. Den flottaste. Reint subjektivt altså. Havutsikt nesten heile vegen! Ein spesiell flott tur er om du går frå Neset til toppen og via dagsturhytta til Dokka. Og så nedatt ranen på Dokka og til Holmedal. Då får du med deg i pose og sekk 😄

På Moldura er det flott utsikt i alle himmelretningar. Spesielt til Holmedal og Straumsnes i sør. Dokka ligg rett i sør òg. Med Blåfjellet, Blåfjellssåta og Bakkefjellet i søraust på hi sida av dalen. Hekkelfjellet og Siklebergvatnet i aust. Og i vest ligg Nyksvatna, Atløyna og havet. Og så mot Florøkanten og Stavenesodden i nord. 

Her er ein bildeserie frå Moldura. Eit fantastisk flott fjell. Ein av favorittane mine. 

Ut.no her