| Vi ser i vest Alden, Toreheia og øyriket i Florø frå Ytrevågefjellet |
Ytrevågefjellet er som tidlegare nemnt også ny post på fjelltrimprogrammet til Askvoll Idrettslag for sesongen 2026. Oppstart er 12.oktober då ny bok vil vere på plass.
Underteikna har gått ein god del på Ytrevågefjellet opp gjennom åra. Med sine 662 moh er fjellet eit relativt lett fjell å gå på heile året. Frå toppen er det flott utsikt. Mot vest finn ein Alden, Toreheia og øyriket i Florø. I nord ligg Florø, Førdefjorden og bygdelaga innover mot Vevring. Mot aust er det fantastisk utsikt til mange av dei flottaste fjella i Askvoll. Mellom anna Blegja, Eitrenipa, Fossedalshengenipa, Nordre og Søndre Kringla og mange fleire. Nærast ligg Indrevågefjellet, Middagsnipa og Portafjellet. Elles er det veldig flott utsikt til Vågane og Flokeneset. I sør tronar Vardenova, Skålefjellet og Osland. Med andre ord suveren utsikt i alle himmelretningar (sjå video av stillbilder under. Hugs lyd og beste oppløysing).
![]() |
| Mange av dei flottaste fjella i Askvoll er å sjå frå Ytrevågefjellet. Her morgonstemning i november. |
Beste ruta opp er å gå frå den gamle kopargruva i Vågane ved FV 609. Stien ligg på ut.no her. Sjølv brukar eg å parkere ut for vegen på ei stor grasflate ca 50 meter ovanfor der ein startar ved gruva (ikkje parkèr på vegstubben ved gruva)! Elles står det nokre småvardar opp gjennom bakkane. Retningen opp seier seg sjølv.
God tur 😃!

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar