fredag 3. oktober 2025

Høgefjellet, Kvammen

Det er fantastisk utsikt mot vest frå Høgefjellet

Haust på Høgefjellet - vi ser Gjelsvikefjellet t.v. og Håsteinen med snø på t.h.

Høgefjellet i Kvammen på 683 moh er til liks med Moldura, Ytrevågefjellet, Røyrbotnholten og Kultingane ny post på fjelltrimmen for sesongen 2026. Med oppstart 12.oktober. 

Fjellet er lettast tilgjengeleg ved å gå frå Rørvika eller Løvika. Frå Rørvika går stien oppom husa her. Frå Løvika ved innhegninga for sauer ved nedkøyringa av bakken. Ein kan så følge stiane her i frå og til Åsastølen og vidare opp bakken. Så finn ein Bjønnastien i skaret rett oppe i sør. Her er det tau å halde seg i for å kome seg opp. Ein må pårekne litt klyving. Så går ein vidare vestover høgdedraget til toppen.

Det er tau opp Bjønnastien...
 

Sjølv har eg gått fleire gonger frå Rørvika til Blegja og vest til Høgefjellet. Sjå foto mellom anna herher og her. Og då anten via Synste Stauren eller nede frå Nipevatnet. Vidare vest mellom Tobbedalsvatnet og Blåvatnet. Rundar så Kringlefjellet. Deretter høgda nord for Bjørnastigvatnet og vest til toppen. Sjå kart her. Retur til Rørvika igjen. Ei veldig flott runde dette. 

Det er eit fantastisk flott skue frå Høgefjellet i Kvammen. Nydeleg utsikt ned til Kvammen, inn og ut Førdefjorden, vest til Gjelsvikefjellet og havet og øyane her. I sør ligg Eitrenipa. Nedom i sør også Bjørnastigvatnet. Og i aust tronar Rørvikenipa, Blegja, Synste Stauren og Blåegga. Suverent med andre ord. Absolutt å anbefale 😊

God tur!🏃



Ingen kommentarer: