fredag 17. oktober 2025

Ytrevågefjellet med boks

Morgon på Osland 

Fint og stille på toppen

Sunnfjords perle og øyane i Florø

Som eg skreiv i går skulle metallboksen eg henta frå Nerviknipa opp igjen til Ytrevågefjellet. Her fjelltrimboka venta.... Så i det praktfulle haustvèret tok eg avgarde i dag òg. Frå gruvene i Vågane der stien startar. 

I dag var det som sagt heilt fantastisk. Rett nok litt disig i nord og vest. Men heilt blikkstille. Sjølv på den eksponerte toppen var det stille. Eit lite dryss nysnø vitnar om ei komande årstid. Nydeleg utsikt til Toreheia og øyriket i Florø. Og aust til den nydelege fjellrekka i kommunen. 

Lett snødryss ved Ytrevågefjellet i dag - perlerekka med kjende fjell i aust....

For fjelltrimmarane er det kanskje litt greitt å vere klar over at det er noko tilgrodd opp til første høgda. Vonleg kjem dette seg når folk går til posten. Og når det går mot vinter. Ytrevågefjellet er som vi veit fint å gå på heile året. Gjerne med broddar i sekken vinterstid. 

Foto Ytrevågefjellet 171025

Ingen kommentarer: