tirsdag 7. oktober 2025

Kultingane

Askvoll sett frå Kultingane

Kultingane med flott utsikt mot Solund og til Askvoll, Atløy og Blåfjellet

Fin utsikt mot vest frå Kultingane.
Vi ser m.a. Atløynipa, Blåfjellet, Eggene, Hjartåsen, Steinheia og mot Jamneheiane (utanfor bildekanten t.h.)

Kultingane er den siste toppen på årets utgåve av fjelltrimmen til Askvoll idrettslag som eg har lagt ut her. Oppstart 12.oktober. 

Kultingane er ein ganske enkel post. Og den som ligg nærast Askvoll sentrum. Den kan nåast frå fleire kantar. Vanlegast er likevel å parkere ovanfor kyrkja på god parkeringsplass. Her i frå føl ein skiltinga inn Askdalen mot Fristadfjellet. Kultingane ligg så rett nord for Fristadfjellet. I siste bakken opp hit tek ein av stien til Fristadfjellet og går merka sti til venstre til toppen. Lett å finne. Ut.no her 

Sjølv har eg gått ein del opp skaret i nordenden på Kyllaren. Og såleis kome opp frå aust. Det går fint, men er ikkje merka.   

Som frå dei andre sentrumsnære toppane kring Askvoll sentrum er det flott utsikt. Mot vest ser vi m.a. Atløynipa, Blåfjellet, Eggene, Hjartåsen, Steinheia. I nord ligg Jamneheiane. Mot aust ser vi til Ringstad, Dokka, Moldura og inn Dalsfjorden. Sjå fotoseriar.


Nokre foto frå Kultingane:

her og her


Ingen kommentarer: