| Foto frå Moldura 11.11.11. Vi ser Alden etter solnedgang - Nyksvatna i framgrunnen |
Etter 7-års rulleringa av Fjelltrimprogrammet til AHIL, er dei nye postane for sesongen 2025/2026 Høgefjellet, Kvammen, Kultingane, Askvoll, Moldura, Holmedal, Ytrevågefjellet, Stongfjorden og Røyrbotnholten, Rivedal. Postane er ikkje stadfesta. Men føl ein "planen" er dette fjella ein kan bryne seg på frå starten av oktober. Dato vil bli kunngjort.
For underteikna er dette kjende fjell som eg har besøkt ein god del "før i tida". Eg har mange gode minner til suveren turar til desse toppane. Både sommar som vinter. Spesielt Ytrevågefjellet på nordsida her heime og Moldura er kjekke fjell å sjå tilbake på. Eller fram til om du vil... Her litt meir om dei to.
Moldura er som sagt eitt av fjella underteikna er godt kjend med. Fjellet er tilgjengeleg frå "alle" kantar. Frå Størdalen i vest, gjennom Fagredalen i aust og frå Stongfjorden i nord, anten via Gjerdedalen eller Neset. Du kan òg gå via Størdalsstauren i nordvest. Mange vegar til Rom med andre ord. Personleg likar eg best kombinasjonsruter der eg byter på ruter opp og ned. Sjølv om dei aller fleste vil gå frå Holmedal, er ruta frå Neset i Stongfjorden i nord minst like flott. Her i frå har du nydeleg utsikt til havet og øyriket både i Florø og Askvoll. Også til Førdefjordsia og Osland og Skålefjellet. Og sjølvsagt Stongfjorden. Har du ikkje prøvd denne ruta er den absolutt å anbefale.
Ytrevågefjellet er òg ein av favorittane mine. Spesielt ruta frå Vågane (ved den gamle gruva) og opp bakkane. Flott utsikt til Osland, Flokeneset og Førdefjorden. Og øyriket mot nord ved Florøkanten. Som kombinasjonsrute til Toreheia og Stongfjorden eller Grimelia, er denne turen fantastisk.
Det blir lagt ut info på AHIL fjelltrimmen når det nærmar seg oppstart. Elles er postane linka til ut.no ovanfor. Under ligg elles mine bildeseriar frå alle fjella.
P.S. No er det som vi veit att ei stund ein kan gå på dei inneverande postane. Så det er rikeleg med tid til ei runde eller to til på desse. Tida framover er gjerne den flottaste i fjellet òg. Fri for fluger, klegg, flått og knott... God tur!
Moldura
Ytrevågefjellet
Røyrbotnholten
Høgefjellet
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar