søndag 4. mai 2025

TiTur Dalsfjorden Brendåsen, Nedgardsstølen, Ekrenova og Stavsdalen

 

Fellesfoto på Nedgardsstølen 
f.v. Sissel, Velaug, Connie, meg og Olaug

Eg vart med deler av fjellgeitene på ein TiTur ekspedisjon på sørsida av Dalsfjorden i dag (sjå foto). Vi tok ferja klokka 11.30 frå Askvoll til Fure og parkerte ved Fure Mekaniske. Og gjekk så på Brendåsen. Fin og grei tur opp i lett terreng. Men ganske vått i fleire parti. På toppen sat her allereie ein liten familie. Og eit par kjenningar frå ferja kom opp bak oss. 

Foto Brendåsen

Deretter gjekk turen ned att og vi køyrde til Dalsleitet ovanfor Tyssedalen. Vi fann etter litt startplunder så stien til Nedgardsstølen. Stien gjekk for det meste gjennom granskog, vått og myrlendt terreng. Flott utsikt på toppen. Og fine hytter og stølshus.  

Vi ser Heileberget og Blegja i bakgrunnen

Foto frå Nedgardsstølen

Så gjekk turen ned att til hovudvegen. Her tok vi ein liten matpause før vi køyrde til Hauglandssenteret. Her gjekk vi så opp på Ekrenova. Ganske bratt opp gjennom granskog. Nydeleg utsikt til Flekke frå toppen.  

Flekke

Siste post på programmet var å gå frå ungdomshuset i Flekke og inn Stavsdalen til gapahuken. Her kunne vi registrere siste TiTur post på programmet for dagen. 

Stavsdalen med Velaug, Olaug, Connie og Sissel

Takkar damene for ein kjekk og sosial tur. I nydeleg vårver 😎Vi var heime igjen ca kl 18. 

Ingen kommentarer: