 |
| Dagens selfie på Gjelsvikestølen |
 |
| Gjelsvikestølen - Blegja i bakgrunnen |
 |
| Og så har vi Engebøfjellet - foto frå Gjelsvikefjellet |
 |
| Gjelsvikestølen med Blegja, Synste Stauren, Høgefjellet og Eitrenipa, Ruggevatnet og Keisarlivatnet |
 |
| Skjerli og Markavatnet |
Super solo morgontur til Gjelsvikefjellet (link fotoserie YouTube) igjen idag. Den vanlege ruta via Selvikestølen og Gjelsvikestølen. Fantastisk klårt nordavèr og solskin. Temperatur rundt 10-12 grader. I solveggen nede igjen på Gjelsvikestølen var det lunt og godt (første foto).
På veg opp nedom stølane fekk eg meg ein god prat med ein ivrig fjelltrimmar som var før ute enn meg. Og hadde allereie toppa ut. Kjekt å treffe folk 😃
Ruta no er heilt tørr og fin. For dei som går stolpejakt er her fleire postar oppover. Dei fleste ligg litt utanom ruta eg gjekk i dag. Elles fortel vel bilda på linken under sitt. Nydeleg tur.
Foto Gjelsvikefjellet 150525
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar