onsdag 21. mai 2025

Iskaldt på Jamneheiane

Litt i ly for nordavinden 

Vi ser Dokka og ned mot Eidsfjorden og Nordeide

Fin utsikt til havs - Staveneset t.h.

Askdalen mot Askvoll - Kultingane og Fristadfjellet t.v.

Etter eit ærend i Askvoll i dag tok eg turen inn Askdalen til fjelltrimposten på Jamneheiane. Det skulle vise seg å bli akkurat den kalde turen eg tenkte på førehand. Inne mot toppen av dalen, ned mot Fismavatnet og opp mot posten i nord, tok den iskalde nordavinden skikkeleg i kroppen. Gjennom marg og bein. Heldigvis hadde eg med meg ei ekstra vindjakke i rompetaska. Og ei ekstra vindtett hue. Dette kom vèl med. Temperaturen var 7 grader nede i Askvoll sentrum. Kva kjøleeffekt vinden hadde her oppe var sikkert ned mot minus grader! 

Vel, eg fekk registrert turen. Og sat nokre minutt i ly nede på sørsida av toppen. Så var det retur same vegen. Opp dalen frå vatnet til toppen av Askdalen. og den lange dalen ned igjen. Fin utsikt. Men ikkje akkurat denne strekka eg likar best. 

Ingen kommentarer: