 |
Sissel, Olaug og underteikna på Jøtelshaugen i ettermiddag. Heileberget og Fløyen i bakgrunnen. Bakerst til høgre ser vi m.a. Portafjellet i Stongfjorden og Fossedalshengenipa.
|
 |
Nydeleg utsikt ut gjennom Dalsfjorden. I midten lengst bak ser vi Atløy med Atløynipa og Skredvarden, til høgre for dei ser vi Fristadfjellet og Dokka. Bakkefjellet t.h for Dokka. Heileberget og Fløyen heilt t.h i framkant.
|
 |
Flott utsikt til Kringla, Laukelansfossen og Laukelandshesten. Ein bit av Blegja t.h.
Heilt nydeleg tur til siste post på TiTur Dalsfjorden 25 på Jøtelshaugen i Dale i ettermiddag. Eg gjekk i lag med Olaug og Sissel. Etter at Olaug var ferdig på jobb. Frå Ringstad køyrde vi i lag til Dale. Og valde å gå opp frå Einehaugane (som vi gjorde i gamle dagar). |
Første del av ruta oppover går no på skogsveg eit godt stykke. Resten av ruta mot toppen på veldig godt merka og tilrettelagd sti. Her er lagt ned mykje stein og heller over våte parti. Fantastiske jobb 😃! Men i dag var det heilt tørt i stien heile vegen etter alt det flotte veret i det siste. Og ja, sola skein i dag òg, om enn i litt nordavind på toppen. |
Med utsikt til Dale, Dalsfjorden og fjella kring Fossedalen er det ein heilt eineståande tur opp til Jøtelshaugen på 554 moh. Absolutt å anbefale!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar