| Foto frå Hestebakken. Frå benken her tok vi oss ein matbit. |
Vi reiste til Straumsneset i dag. For å gå stolpejakta her ute. Vi parkerte ved Grendahuset.
Stolpane var plasserte strategisk ut rundt frå Indre Åsnes, Bakkebø, Ytre Åsnes og opp til Jonstad (sjå kart). Så vidare opp skogsvegar til den øverste stolpen oppe på Hestebakken. Det gjekk løypestreng ned til bygda her frå med mjølk frå stølen. Frå Hestebakken er det nydeleg utsikt til Ytste Dalsfjorden og Askvoll (sjå foto). Ja, det er veldig flott på Straumsnes. Fantastisk skue til fjella på nordsida av Dalsfjorden.
Elles må eg nesten få nemne dei utruleg særeigne steingardane som er her ute. Spesielt på Arstein der oldefar til Hallvard Arstein, Laurits, har laga murane som står her. I dag kan ein berre undre seg over slitet som har vore med å sette desse opp!
| Praktfulle steingardar på Åsnes Vi ser Holmedal, Dokka og Moldura i bakgrunnen |
Etter at vi hadde det gjort oss ferdige med turen på Straumsnes, gjekk vi oppom Fredensborg på Tysse. Her er det òg stolpar plasserte ut. Som ein veit er Fredensborg heilt nydeleg. Flott bøkeskog. Og idyll ved tjørna med steinbord og steinbenker. Den gamle gravstaden osar kultur og særeige i den flotte bøkeskogen. Elles er det gjort flott dugnad av eldsjeler på Fredensborg i det siste. Fantastisk.
| Olaug på Fredensborg i dag |
Om gravstaden Fredensborg kan du lese her.
Foto Stolpejakt Straumsnes og Fredensborg 250525
![]() |
| stolpar på Straumsnes |
![]() |
| Fredensborg |


Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar