tirsdag 20. mai 2025

Stolpejakt i Skorva

I Tormodgrotta

 

Nydeleg utsikt til Skjerlia og Mandelia.
Markavatnet skin i kveldssola.
I midten bak ligg Kvamsnipa. 

Fossedalshengenipa t.v.
Markavatnet t.h.

Blegja og Eitrenipa frå Stølsryggtoppen


Olaug og eg hadde oss ei runde på stolpejakt rundt Skorvestølen, Selvikestølen og Fesselia i ettermiddag. På stiar vi aldri hadde gått før. Veldig artig å finne fram til "gøymde" postar. Vi fullførde alle på ca 3 timar. Og ikkje alle var heilt enkle å finne... Under skjermdump av postane.  


Veret var fantastisk. Strålande solskinn. Men litt kjølegare enn dei siste dagane. Nydeleg å gå i shorts og t-skjorte. Stolpejakt er faktisk litt kjekt. Det er fint å gå i nytt terreng.   

Ingen kommentarer: