lørdag 10. mai 2025

Tøff fjelltrim

Nonsholten i dag

I dag gjekk turen på Heileberget. Og toppane på Fløyen, Nonsholten og Driveknolten m.m. Nonsholten er den lengste posten på årets fjelltrim til AHIL (Askvoll og Holmedal Idrettslag). Det var ein usedvanleg flott vårdag med strålande sol og vindstille. Og for å gjere turen litt ekstra sette vi ein bil i Rivedal, køyrde vidare til Otterstein, og gjekk opp her i frå. Såleis kunne vi gå heile Heileberget på langs. Og for dei som har gått denne ruta, så kan dei vel skrive under på at den er ganske lang (iallefall for pensjonistar 😄). Berre oppstigninga frå Otterstein til Fløyen krev sitt. Gangtid total var ca 5.timar i dag. 

Vi, det var Olaug, Tordis og underteikna. Men undervegs oppover traff vi fleire frå Holmedal som var i same ærend. Så det vart litt småprat ovanfor Bjergastølen og til toppen. Kjekt med blide turfolk ein treff på. Alltid pratsomme i slike flotte omgjevnader som vi har rundt oss. Ikkje minst oppover til Fløyen og Heileberget. Det er fantastisk utsikt inn fjorden og til Fossedalen frå oppstigninga om ein snur seg mot nord og aust. 

Nydeleg utsikt inn Dalsfjorden - Laukelandsfossen i midten

Vi ser ned att til Fossedalen med fleire turgjengarar opp bratta til Fløyen

Dale frå oppstigninga til Fløyen

Ja, vi toppa greitt ut alle. Pusten gjekk jo ganske heftig. Og eit par stopp måtte til undervegs. Vi traff elles ein kjenning som alt hadde vore på posten og skulle ned igjen same vegen til Otterstein (vi gjekk som sagt til Rivedal).  

Tordis og Olaug på Fløyen

Underteikna og Olaug

Frå Fløyen gjekk så turen vidare ut Heileberget til Nonsholten. Den ligg litt på nordsida av fjellet. Med flott utsikt til Fossedalen. Her tok vi så ein fortent matbit og kaffi og sjokolade. Herlig. Praktfull utsikt til Fossedalshengenipa, N&S Kringla, Eitrenipa, Blegja, Storehesten og mange fleire. 

Olaug på Nonsholten. Markahengenipa og Fossedalshengenipa i bakgrunnen

Tordis på Nonsholten -
i bakgrunnen f.v. Eitrenipa, N&S Kringla, Blegja, Storehesten og Laukelandshesten
i midten bak ligg Fossedalen

Fossedalen frå Nonsholten - 
Fossedalsfossen i midten nede - Laukelandsfossen t.h.

Så gjekk turen vidare utover Heileberget mot Driveknolten. Med fantastisk utsikt mot havet, Dalsfjorden, Dokka, Moldura i vest, Portafjellet mot nord. Tørt og fint på berga og i terrenget. Perfekt med låge og lette "fjelljoggesko". Vi klatra så opp bakken og hammaren i aust på Driveknolten. Og sette kursen vidare mot vest. Og ja, her er eit stykke å gå utover - før vi gjekk ned skaret ved Høgknolten og til Hundeheia. 

Utsikt mot Rivedal, Straumsnes og Holmedal ved Høgknolten

Ned skaret

Frå Hundeheia og til demma på kraftverket i Rivedal tok vi den gamle TiTur ruta og fekk med oss to svarte poengstolpar på Stolpejakta. 

Ja, kva slags superlativ skal ein bruke om denne turen? Eg veit ikkje heilt. Men heilt eineståande vakker er den. Med dei utruleg flotte fjella som omkransar Fossedalen. Og sjølvsagt dei fantastiske bygdelaga kring Dalsfjorden. Berre å nyte!

Ingen kommentarer: