![]() |
| Utsiktspunkt ved gamlevegen til Berge. Luster i bakgrunnen. |
![]() |
| Harastølen på veg til Hærishovden |
![]() |
| Stuagjerdet |
![]() |
| Ds |
![]() |
| Olaug i Høyheimsvik melder om overskya og opplett ver, 15 grader, og ynskjer alle ein fin dag |
Ja, aldeles nydelege turar til Harastølen, Stuagjerdet og Hærishovden i dag. Inkl diverse postar i Luster. Dei to førstnemnde svarte stolpar godt oppe i høgda. Og ein raud ovanfor Luster tettstad, der vi måtte gå ganske så bratt opp.
Alltid spesielt å kome opp på Harastølen og sjå det gamle sanatoriet. Det gjenstår nok ein god del arbeid før det kan bli hotell. Etter kva eg ser og har høyrt.
Stuagjerdet var elles ein flott og særs gamal støl. Eit stykke lenger oppe forbi Harastølen.
![]() |
| Infoskilt om Stuagjerdet |
Etter Stuagjerdet gjekk turen til Hærishovden. Her var det flott utsikt til Harastølen (sjå foto), Luster og heilt inn til Skjolden.
Inn i mellom slaga var det ei fin avveksling å nyte heimebaksten på Lustrabui.
Dermed var det eine kartet for stolpar i Luster kommune fullført (sjå bildelink). Det gjenstår stolpar i Veitastrond og ved Tungestølen. Vi får sjå tid og krefter an til det 😀.
Foto stolpejakt i Luster inkl Harastølen, Stuagjerdet og Hærishovden 250626






Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar