 |
Ein kjekk pause ved Bølifossen Torbjørn, Håkon, Olaug og meg |
 |
| Starten opp Mørkridsdalen |
 |
| Ved Storatjødni er det trimpost |
 |
| Vi kjem til Dulsete |
 |
| På veg til Liane er det sherpa trapper |
 |
| Og ny bru |
 |
| Olaug på Liane |
 |
| Bølifossen |
 |
| Fine sandbankar ved Bølifossen |
I dag gjekk vi den unike Mørkridsdalen frå Hødnavollen, Storatjødni og til Dulsete og Liane. Over Mørkridselva og ned motsett side til Knivabakkli, Bølifossen og Storatjødni igjen. Vi det var Olaug, Håkon, Torbjørn og underteikna. I overskya og flott turver.
Det er heilt fantastisk å gå opp denne flotte dalen med det nydelege fosselandskapet. Og dei fine stølane som ligg i landskapsvernområdet. Det går både sau og storfe oppe i dalen. Tidlegare var her og slotteteigar (sjå bilde for info). Ved Knivabakkli stod her jammen ein kar som slo gras og tistel så ikkje tistelen skulle spre seg. Vi slo av ein hyggeleg prat.
Deretter gjekk vi siste stykket ned til den imponerande Bølifossen. På sandbanken nedom fossen tok vi oss ein pause med ein god matbit. Før vi returnerte til Storatjødni og til bilen.
Nydeleg tur dette i dag! Sjå foto på link.
https://photos.app.goo.gl/nsWTaFsfSNuFU5C36
Foto Mørkridsdalen, Storatjødni, Dulsete, Liane, Knivabakkli og Bølifossen 270626
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar