søndag 14. juni 2026

Strålande til Nordre Klibberdalsfjellet

På toppen av Nordre Klibberdalsfjellet med flott utsikt

Nord for Svenova står desse flotte vardane

Super utsikt mot nord til Blægja-massivet og Storehesten

I vest ligg Flekke, Rivedal og Holmedal -
fjella vi ser er m.a. f.v. Dokka, Moldura, Skålefjellet og Vardenova

...og i nord ligg Dale - Kringla og Eitrenipa i midten, Blægja t.h.

Eg vart med Olaug og Sissel på TiTur posten på Nordre Klibberdalsfjellet i dag. Eit fjell eg ikkje hadde vore på før. På sørsida av Dale og start rett aust for Stav mellom Dale og Flekke. På flott og godt merka sti via Svenova. Men litt vått på enkelte parti. Det var ein aldeles strålande dag om enn med litt nordavind i høgda. 

Nordre Klibberdalsfjellet viste seg å vere ei flott perle. Med nydeleg utsikt. Spesielt mot vest og nord (sjå bildeserie). Fjella på nordsida av Dalsfjorden låg som perler på ei snor. Heilt fantastisk spør du meg. Etter mi meining er denne turen og fjellet ein av dei flottaste på årets utgåve av TiTur Dalsfjorden. Info her

Vi traff folk undervegs i dag. Kjenningar frå Flekke som vi prata med rett før Svenova. Og på toppen. Og på Svenova ned igjen sat ei dame frå Dale vi kjende. Super tur dette i dag! 


Foto Nordre Klibberdalsfjellet 140626

Ingen kommentarer: