Peter - tysk sykkelturist
På runda med stolpejakt i Stongfjorden i dag traff eg på Peter - tysk sykkelturist. Han hadde campa nedanfor demma. Ved starten på Industriminneløypa. Eg kom i snakk med han på god engelsk og litt tysk.
Eg vart utruleg imponert over kva han hadde gitt seg i veg med. Han kom nemleg syklande langs kystruta sør frå og skulle til Trondheim. Så vidare nordover til Nord-Norge. Og sørover igjen via Finland. Ja, eg trudde nesten ikkje kva eg høyrde!! At det finst personar med slike turmål er nesten ikkje til å tru! Og slik ein triveleg kar (med same namn som son min). Eit veldig kjekt bekjentskap i den elles så stille Stongfjorden. God tur vidare Peter! |
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar