![]() |
| Supernøgd turfølge ved Skoravatnet - her med perfekt utsikt til Skjolden |
![]() |
| Ingrid Anita, Torbjørn og Olaug |
![]() |
| ...og underteikna |
![]() |
| Olaug og Ingrid Anita |
![]() |
| Ved Rebni |
Meininga i dag var å gå på Fanaråken. Men 0 grader, skodde og utrygt for snø freista ikkje akkurat der oppe. I staden gjekk Olaug, Ingrid Anita, Torbjørn og underteikna turen til Rebni, Rebnisli, Skori og Skoravatnet, og fekk oppleve den fantastiske utsikta til Skjolden frå nesten 1000 moh. Loddrett ned igjen i bygda. Med ikkje mindre enn to cruiseskip ved kai og på fjorden.
Vi starta i delvis solskin, vindstille og god temperatur. Oppover til Rebni på skogsveg. Og eit stykke til til Rebnisli. Lenger oppe på god sti. Og enkelte parti mot stølen på Skori hadde sherpaer laga steintrapper (sjå foto på link).
Spesielt partiet frå Skori til Skoravatnet var det flott å gå. Her over skoggrensa og småkuppert terreng med reinlav. Utsikta som møtte oss frampå kanten av fjellet var formidabel!
På veg ned igjen etter å ha inntatt mat, snacks og drikke på toppen fekk vi på oss 5 regndråpar! Super tur dette i dag òg.
Foto Rebni, Rebnisli, Skåri, Skåravatnet 290626





Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar