mandag 22. juni 2026

Nydeleg stolpejakt på Værlandet & Bulandet

Damene på Hillersøy fekk besøk av oss i dag

Gapahuken på Værlandet var super -
sjå fleire foto på link

Olaug på Håhåjin på Værlandet med Alden t.h.

Olaug og eg tok ferja til Værlandet i dag for stolpejakt her og på Bulandet. I overskya og flott vær. Bra temperatur. Og det vart ein super tur. Med mange stolpar scanna. Såpass at vi no er ferdige med heile Askvoll kommune sine. For Fjaler sin del står det att nokre i ytre deler som vi kanskje vil ta i morgon.

Som sagt ein nydeleg tur i dag. På godt merka løyper. Med plank, bruer og nye grinder. Og ein eneståande gapahuk på Værlandet, sjå bilder frå vedlagde link. På Bulandet var vi utom statua av damene på Hillersøy. Der den sterkt truga Kystblåstjerna blømer.

Kystblåstjerne


På heimveg fekk vi også med oss filetert lyr. Kanskje beste matfisken eg veit. For Olaug sin del trur eg første feriedagen smakte godt.

Foto Værlandet og Bulandet 220626

Ingen kommentarer: