| Dagens Toreheia... |
| Vindturbinane på Guleslettene i Florø er eit nytt landskapselement på Toreheia. I luftlinje er dei over 30 kilometer unna (sjå video). |
Eg held alltid eit auge til sauene som går her oppe om sommaren. Dei er vane med folk og ganske så rolege. Så òg i dag. Alt vel. Og sikkert glade for litt opplett og sol igjen. For jammen har desse òg fått sin omgang med sturtebyger siste dagane....
| Dei er glade for sol og opplett igjen... |
Foto Ytrevågefjell Toreheia Skylefjellet Blåfjellet 090820
Middagen med kaffe og kake tok Olaug og eg i Holmedal på Kleppenes Bruk. Veldig kjekt. Godt med folk. Og god mat. Herleg. Fantastisk kor flott dei har fått det til i tunet med bygningar og inventar. Så her kjem vi absolutt igjen. Anbefalast!
| Ein bit av Kleppenes bruk |
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar