søndag 2. august 2020

I austerlei - igjen

Sigridsbu med Ellen og Odd

Vi køyrde oss ein tur austover igjen forrige veke. Denne gongen til Blefjells-området i Telemark. Her vi besøkte Odd og Ellen på hytta. I det høve hadde vi også booka oss inn på Norsjø hotell på Akkerhaugen for ein dag på Telemarkskanalen. Inkludert overnatting med frukost. 

Både på turen austover og heim igjen, var vi innom Notodden. Byen med ei imponerande industrihistorie. Byen er på Unesco si verdsarvliste (sjå fotoserie).


Kveld på Blefjell




Opplevinga av turen med MS Telemarken var elles veldig interessant. Eg hadde aldri reist opp gjennom desse slusene før. Her var det mykje folk i arbeid for å opne og late att slusene, så vi kunne segle vidare oppover i vassdraget. Etter mykje nedbyr siste dagane var det stor vassføring i Skiensvassdraget.  Det var difor stengt for småbåtar. (Sjå video og bilder). På Lunde, der båtturen var slutt, traff vi så Kjell og Tordis. Dei låg på campingplassen her. Dei skyssa oss tilbake til Akkerhaugen. 






Kjell og Tordis på Lunde
Dei skyssa oss tilbake til Akkerhaugen


Tilbake på Blefjell og middag

ds

Dagen etter tok Odd og Ellen oss med på turen til høgste fjellet i området - Store Ble. På god og ganske lett sti tok turen opp frå Nordstul parkering, via Langedalen, vèl to timar. Returen gjekk vi via Sigrids Bu (sjå gps-tracker). Fantastisk utsikt her oppe. Panorama i 360 grader. Vi ser mellom anna Tinnsjøen og Gaustadtoppen.  


Tid for tur på Store Ble


Gaustadtoppen


Ellen på Store Ble

Olaug, Ellen og Odd på Store Ble


Sigridsbu


Flott tur til Store Ble med retur om Sigrids Bu


ds

Elles vart dette ein tur for sosialisering, god mat og flotte kveldar med utsikt til nydelege linjer og lys i horisonten. På kveldar der mørket no sig fortare på i sør enn her heime. Veldig kjekt!


Frukost og snart tid for avreise

The hare has lost his spectacles 😄

To harar var fast innslag rundt hytta

Ingen kommentarer: