mandag 10. august 2020

Blegja opp

På toppen

Rørvika


Litt klyving


Drikkepause i ura


Det ligg endå nokre snøfonner her oppe


Og blomar i ura - som eit lite høgdepunkt


ds


Meir klyving - og ein blom til høgre


Utsikt mot vest


...og til Dale


Panorama frå toppen med mange kjende fjell...


og Olaug jublar...


Heilevangsstaurane med Lisjehesten og Kvamshesten (Storehesten)


Mot Førdefjorden, Håsteinen og Gjøringebøfjellet

I dag var så turen komen til Blegja og normalruta frå Rørvika. Ruta er nyleg remerka. Det er veldig greitt for ukjende, men også fint for oss andre. Spesielt ned igjen urane. Dei kan jo vere litt tricky for eldre folk. Også for nylege pensjonistar...😄 

No var det Olaug som var mest gira på denne turen i dag. Eg er egentleg ganske lei desse urane her oppe. Og sist eg var opp var då eg la ut fjelltrimboka i oktober i fjor. Tidlegare år har det jo tildels vore eit renn opp hit for å sanke meg poeng til fjelltrimmen... Ikkje det - det er jo flott å stå på høgste punktet i kommunen. Fenomenal utsikt er det òg. I alle retningar. Men å gå opp og ned desse urane ser eg på nærast som ein transportetappe for å kome meg opp på toppen.  

Det var flott vèr på morgonen. Stilt og fint i Rørvika. Men det drog opp med nokre skyer då vi kom opp under Rørvikenipa. Godt då å ha nokre ekstra klede og vindtett i sekken. Og på toppen var det òg eit kjøleg nordadrag i lufta. Spesielt då sola forsvann. Så mange minuttane sat vi ikkje ikkje der. Vi åt eit par skiver før vi snudde nasen ned att same vegen. 

 


Eitt av høgdepunkta i dag var då vi traff på eit kull fjellryper under Rørvikenipa (sjå video). På akkurat same plassen eg filma eit kull hitt året. Så mange var det diverre ikkje igjen av årets kull. Forhåpentlegvis var det fleire som hadde gøymt seg vekk enn dei få vi fekk sjå. 


Elles er det no sjølvsagt alltid ei god kjensle å kome seg heim att frå Blegja-turar. Det er no høgste fjellet her og greier... Så Olaug er no strålande nøgd. Ok - litt eg òg... 😃Så då så...😎

Foto & video Blegja 100820


  

Ingen kommentarer: