Frå sørvestsida av Blega ser vi Litlehesten og Storehesten.
Vi ser store parti av trassèen opp frå Berge i Bygstad, gjennom skaret ved Marifjell t.h. og mot venstre bildekant. Denne ruta er spesielt fin som skitur om våren.
Foto 15/8
Hvis nokon lurer på om eg har lege på sofaen dei to siste kveldane, så er ikkje det tilfelle. Men eg har i grunn sett att skoavtrykka mine frå turane før, så det har ikkje vore noko å skrive heim om. Vi får sjå kva som byr seg til helga. Vèret ser skiftande ut, men er temperaturen bra og det er lite vind, er det vel framleis tid for litt gjørmebad i halvnaken tilstand. Så lenge ein ikkje tygg gjørma går det heilt fint.
Eg kjem sterkare tilbake med nye turrapportar.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar