Flott på Smørskornova i kveld.
På nedste bildet ser vi inn Flekkefjorden og mot Leite og Tysse.
Rivedalskletten i framgrunnen.
Eg gjekk opp igjen same turen på Smørskornova etter arbeid i dag som på lørdag. Berre at i ettermiddag var det fantastisk vèr. Shortsvèr. Fint for fart. Så eg fekk meg ein kjempetur opp, og ein god springmarsj ned igjen. Som vanleg kan eg vel nesten seie. Elles er det vel egentleg ikkje så mykje å seie. Ingen overraskingar, ingen fall, ingen mennesker og ingen dyr. Stilt og fredeleg...
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar