Utsikt mot Vevring og Engebøfjellet frå Blegja i dag tidleg
Eg stod som vanleg tidleg opp i dag òg. Godt å sleppe og køyre til Førde. Lørdag er i grunn ein fin dag... Det første eg gjorde var å kike ut glaset. Tja, korleis var vèret egentleg... Ikkje kanon iallefall. Eg stod opp og gjekk ut på altanen. Fekk satse på Blegja likevel tenkte eg..
Eg var i grunn så optimistisk at eg smurde meg 4 skiver òg. Hadde ein plan om å bli borte ei stund oppe i der. Kanskje Eitrenipa og Fossedalen òg? Men det vart det ingenting av i dag...
I Rørvika ankom eg litt før kl 8. Var nedom ein tur i Løvika og tok eit par bilder. Synest det er nydeleg inn Førdefjorden her om morgonen. Sola gir så praktfullt lys ut fjorden. Og i dag hadde eg tid til å stoppe...
Eg prøvde å starte forsiktig oppover. Her er jo rimeleg bratt. I grunn går det ofte litt tid før eg kjem skikkeleg i gong. Slow-starter kanskje. Spesielt om morgonen.
Steinane oppover frå Rørvka har eg alltid tykt er veldig glatte. Dei er på ein måte polerte. Og med morgondogg på, er det lite av skoty som bit på. Eg haadde ei selsom historie for nokre år sidan her då eg slo albogen ut av ledd. Det trur eg er det mest smertefulle eg har opplevd. Og til sine tider gjer det faktisk vondt i den i dag òg. Men eg var heldig og greidde å trene opp armen slik at eg kan rette han heilt ut no. Mange klarer ikkje det av slike skader... Vel nok om det.
Det gjekk likevel radig oppover sjølv om det var både glatt og vått. Trøya heiv eg ganske kvikt. Gjekk berre i kortbukse,men hadde ei bukse i sekken. Det vart likevel ein heilt annan temperatur oppe under Rørviknipa då ein kald trekk frå sør reiv i kroppen. Diverre forsvann sola berre meir og meir, og borte ved Nipevatnet måtte eg få klede på overkroppen. Ein buff for hovudet gjorde òg godt! Eg heldt såleis bra varmen opp urane til toppen.
Det bles ikkje så mykje på toppen. Men trekken var iskald. Sola var fordufta bak eit tjukt skylag, og eg miste motet på å gå i fleire timar vestover Blåegga/Eitrenipa/Fossedalen/Dalsfjorden. Shit! Så gjekk det ikkje i dag heller. (Eg går ikkje hvis eg ikkje har lyst. Det må "stemme" innvendig). Difor vart det retur ned att same vegen til Rørvika.
Eg registrerte ein del sauer ved Rørvinipa då eg kom ned igjen. Fekk talt dei opp og tok ein telefon til eigaren då eg kom heim. Om ikkje det er nokre av dei same sauene som Agnar og eg tok med oss til fjorden igjen i fjor, så er det iallefall av same bølingen.
Eg stod ved bilen i Rørvika igjen før klokka 12. Fin tur, men diverre noko amputert. Men så fekk eg no litt tid heime òg denne lørdagen... Aldri så gale at det ikkje er godt for noko heiter det visst...:-)
Fra Blegja 070810 |
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar