Motiv frå Blåegga 15/8.
Vi ser Synste Stauren oppe t.v.
Eg ville berre late att auga 5 minutt på sofaen etter jobb. Vel dette vart til ein time. Og for å komme til hektene igjen etterpå åt eg opp ei øskje med rosiner. Det gjorde susen. For kvarteret etterpå var eg på veg til Rivedal, sjølv om eg egentleg hadde slege tur frå meg då eg såg kva klokka var.
Vel, så vart det Smørskornova i kveld òg då. Og nok ein kveld i berre kortbuksa, men det var på grensa. Sola var gått ned, og trekken i frå nord gjorde at eg måtte opp under maks fart oppover for å halde varmen. Ja, eg hadde med meg ein fleece, og den var god å dra på seg på toppen. Betre det enn at den vart sveitt oppover... og kald der oppe! Og så vart det full fart ned igjen. Ingen hadde vore oppom posten sidan eg var der i forgårs...
Jammen mørkar det om kveldane. Greitt å ha det i bakhovudet neste månaden....
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar