Stimuli
Det lysnar merkbart. kl.16.43 i Stongfjorden i dag med mobilkamera.
Eg hadde ingen planar om fjelltur i dag. Var noko trøtt i kroppen etter helga. Eg sovna som ein stein på sofaen etter å ha ete middag og skumma gjennom Firda.
Men Olaug måtte ein tur til Førde. Og Peter vart med. Så då melde mauringa seg i kroppen. Eit par timar seinare enn eg brukar, køyrde eg difor i Hollevika og tok trimruta mi. Nydeleg stjerneklår kveld med litt austavind oppe i høgda. Det ligg litt snø og is mot toppen.
Rask og fin tur med jogg ned igjen i lyset frå hovudlykta.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar