Syngande vindar
Tidleg haustmorgon ved Løvika. Heilevangsstaurane i midten og Blegja-platået t.h.
Så var det den orren igjen... Eg kvapp så eg skvatt då han brasa opp 2 meter framfor føtene mine, i høgre kant av lysstrålen frå hovudlykta... Ganske høgt oppe ved Høgeheia i kveld.
Elles tok vinden godt oppe. Eg sjangla og dansa i kasta etter ranen. Og på toppen hylte vinden i varden. Men det var fint å gå, frosten i bakken var begynt å tine. Stimulerande trim - igjen!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar