Snøfri vinter
Søndre og Nordre Kringla i låg desembersol 28/12-08. Teke nord om Øvre Fossedalen.
Skreiv meg inn i boka på Høgeheia i kveld kl 17.35 utan å ha tent hovudlykta. Sjølv om det var tungt i vèret, heldt det med lys opp som sist. Ok - det var mørkt siste delen, men ikkje verre enn at eg fann vegen....
Har vore mykje søraust vind i det siste. Iskaldt og opplett. Slik var det i kveld òg. I tillegg var det ganske hardt og isete mot toppen. Og omlag snøfritt. Kjem det meir snø?
Godt å halde maskineriet i gong... Fin trimtur!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar